Sirkulær økonomi og ombruk
Byggebransjen har eit stort behov for fagfolk for å møte krav til berekraftig forbruk av ressursar. Sirkulær økonomi og ombruk gjev deg kunnskap om reduksjon, ombruk, gjenvinning og utnytting av dei enkelte byggematerialane, og av heile bygget ved rehabilitering.
- Varigheit:
- 4 månadar
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- 21. januar 2026
- Studiestad:
- Førde
I tillegg til dyktige lærarar, møter du også spennande gjesteforelesarar frå Riksantikvaren, Resirqel, Xform og Mycoteam.
Du lærer om:
- innovative byggemetodar og teknologiar
- ombrukskartlegging
- regelverk for ombruk
- potensiale og tekniske utfordringar for ombruk i byggenæringa
- tilstandsanalyse og miljøkartlegging
- gjennomføring av ombruk
- byggeskadeproblematikk
- materialkunnskap
- labøvingar: betong, tre og stål
- labøvingar: Matterport 3D skanning
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Du får kompetanse i ombrukskartlegging. Du får strategiar for å optimalisere ressursutnytting, avfallsreduksjon og materialgjenvinning, og vil kunne vurdere miljøpåverknaden av ulike byggemetodar og materialar. Kurset gir deg forståing for kost og nytte i vurdering av ombruk.
Denne bransjemodulen er identisk med eitt av emna i studieplanen til studiet Grøn omstilling i byggebransjen, ei utdanning på 60 studiepoeng. Studentar som har fullført bransjemodulen, får denne godkjent om dei seinare vil studere Grøn omstilling i byggebransjen.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Programmet er på 10 studiepoeng, og går over ca 4 månader. Kurset er nettbasert med ei fysisk og to digitale samlingar.
- Første samling digital i veke 4
- Andre samling fysisk i veke 11
- Tredje samling digital i veke 19
Samlingsplan:
Samling
Veke
Dato
Klokkeslett
1
Digital
Veke 4
21. januar 2026
08:00-15:30
22. januar 2026
08:00-15:30
2
Fysisk i Førde
Veke 11
9. mars 2026
10:00-15:00
10. mars 2026
09:00-15:00
11. mars 2026
09:00-14:00
3
Digital
Veke 19
6. mai 2026
08:00-15:30
7. mai 2026
08:00-15:30
På den fysiske samlinga er det lagt opp til praktisk arbeid med lab og synfaring, med påfølgande arbeid mellom samlingane.
Undervisninga føregår på dagtid. I tillegg er det lagt opp til rettleiingsøkter på ettermiddag og kveld mellom samlingane.
I undervising og vurdering er det lagt opp til mykje prosjektarbeid, både individuelt og i gruppe.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- betongfaget
- byggdriftarfaget
- feiarfaget
- forskalingssnekkar
- glasfaget
- isolatørfaget
- kulde- og varmemontørfaget
- murarfaget
- målarfaget
- røyrleggjarfaget
- snekkar
- steinfaget
- stillasbyggarfaget
- tak- og membrantekkjarfaget
- trelastfaget
- trevare- og bygginnreiingsfaget
- tømrarfaget
- ventilasjons- og blekkslagarfaget
-
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Kostnader
Denne utdanninga er gratis.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no