Elektronikkutvikling
I dette emnet får du presentasjon av ulike typar mikrokontrollarar, introduksjon til programmeringsspråket C++ og introduksjon til programmeringsspråket Python. Du lærer om grensesnitt mellom styring og styrte system og får introduksjon til vision-teknologi.
- Varigheit:
- 2 månadar
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Neste oppstart:
- Mars 2026
- Studiestad:
- Førde
Det er løpande opptak.
I denne modulen får du ei innføring i mikrokontrollarar og korleis dei verkar. Du får programmere eit par typar mikrokontrollerar. Vi brukar Arduino og Raspberry Pi. Dei sentrale programmeringsspråka er C++ og Python. Vi forsøker å gjere modulen praktisk ved å la dei styre fysiske modellar der vi lærer å lage grensesnittet sjølv. Du får også ei innføring i vision-teknologi; det vil seie industriell bilethandtering, der du kan føreta styring og måling på grunnlag av to-dimensjonale bilete.
Målgruppe
Alle med grunnleggjande elektrobakgrunn som ønskjer å lære seg bruk av mikrokontrollerar og vision-system for styring.
Forkunnskapar:
Grunnleggjande elektroforståing på nivå med første året på vidaregåande skule.
Kompetanse og jobbmogelegheiter
Læringsutbyte i følge studieplanen:
Kunnskap
- Studenten skal ha kunnskap om sentral fagterminologi innan mikrokontroller- og vision-teknologi.
- Studenten skal ha forståing for moglegheiter og avgrensingar innan mikrokontrollerar og vision-teknologi.
Ferdigheiter
- Studenten skal kunne lese og forstå virkemåten til enkle program i minst eitt høgnivå programmeringsspråk.
- Studenten skal kunne gjere greie for kva deler ein moderne mikrokontroller er sett saman av, samt kva funksjon desse har.
- Studenten skal kunne lage enkle program som kan styre enkle funksjonar på lokalt kretskort og treningsmodellar av industrielle system.
- Studenten skal kunne planleggje og byggje enkle grensesnitt (interface) mellom styrande og styrte system.
- Studenten skal kunne bruke simuleringsprogram for utvikling og test av program- og maskinvare.
Generell kompetanse
- Studenten skal sjølvstendig kunne velje rett mikrokontroller og periferikomponentar til problemstillinga.
- Studenten skal sjølvstendig kunne kople opp mikrokontrollerar på ein måte som ikkje medfører risiko for styringkomponentar og systemet det skal styre.
- Studenten skal vere i stand til å diskutere mikrokontroller- og vision-teknologi med fagfeller.
Denne modulen er ein del av fagskuleutdanninga Automatisering på 120 stp. Gjennomførte modular kan seinare gi grunnlag for å søke fritak i ulike emne om ein tenker å gjennomføre ei full fagskuleutdanning.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er nett- og samlingsbasert og undervisninga, skjer gjennom webinar via videokonferanseverktøyet Teams. Studiet består av fem samlingar fordelt på fem veker, der den siste samlinga er fysisk på lab i Førde. Samlingane er på dagtid. Mellom samlingane er det eigenstudiar.
Arbeidsmengde
- Timeplanfesta timar: 20
- Eigenstyrt aktivitet: 105
Tider oppgitt i klokketimar (60 min.)
Arbeidsinnsats
Timeplanfesta timar er timane som ligg i timeplan på samlingar. Desse timane er på dagtid. Eigenstyrt aktivitet er arbeidet du som student bør legge ned utanom timane som er timeplanfesta. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid og ekstratimar på kveldstid med lærar etter nærare avtale. I tillegg er det i desse timane sjølvstudium i form av førebuing til timar, lese fagstoff med meir.
Vurdering
Mappevurdering som består av:
- To læringsnotat
- Individuelt case
Dei to læringsnotata tel 15 % kvar. Caset tel 70 %. Vurderingsuttrykk er karakterane A til F.
Kostnad
Utdanninga er gratis, men studenten må ha basic vision utstyr. Kostnad ca. kr 2 500,- Blir spesifisert innan kort tid.
Dette studiet er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Bedrifter kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker for tilsette som deltek i og gjennomfører tilbodet.
Les om Industriens kompetansefond og korleis du søker støtte her
Studiet passar også for dei som er omfatta av andre tariffavtalar enn Industriovereinskomsten.
Eit studium på 5 studiepoeng blir rekna som 125 timars arbeid. Dette inkluderer forelesingar, seminar, sjølvstudium og eksamensførebuingar.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- Anleggsmaskinmekanikarfaget
- Automatiseringsfaget
- Avionikarfaget
- Bilfag, lette køyretøy
- Bilfag, tungt køyretøy
- Dataelektronikarfaget
- Elektrikarfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Fjernstyrte undervassoperasjonar
- Flymotormekanikarfaget
- Flystrukturmekanikarfaget
- Flysystemmekanikarfaget
- Heismontørfaget
- Industrimekanikarfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget
- Landbruksmaskinmekanikarfaget
- Maritim elektrikarfaget Vg4
- Motormekanikarfaget
- Motorsykkelfaget
- Produksjonselektronikarfaget
- Signalmontørfaget
- Tavlemontørfaget
- Telekommunikasjonsmontørfaget
- Togelektrikarfaget
- Truck- og liftmekanikarfaget
- Tunge køyretøy
- Viklar- og transformatormontørfaget
- Viklarfaget
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande. Les meir om realkompetanse her.
Litteratur og utstyrsliste
- Stoff lagt ut på læringsplattforma.
- Arduino UNO starter kit.
- Hardware for vision-system vert kunngjort seinare.
Krav til maskinvare: PC med win 10 eller nyare.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no