Elkraft
Som fagskuleingeniør innan elkraft bidreg du til at elektriske kraftsystem fungerer, frå energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
- Varigheit:
- 3 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde


Kompetanse for framtida
Utdanninga passar spesielt godt for deg som har gått elektro-linje på vgs, (tidlegare yrkesskulen), eller som har arbeidd innanfor ulike elektro-fag, og som no ynskjer meir formell kompetanse. Etterspurnaden etter arbeidskraft med teknisk bakgrunn frå fagskule er allereie stor og er forventa og auke ytterlegare i dei nærmaste åra, p.g.a. stort underskot på denne type arbeidskraft.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Dette studiet er samlingsbasert over tre år. Studiet gir 120 studiepoeng som svarer til ein toårig heiltidsutdanning.
- Ordinær gjennomføringsmodell for kvart skuleår samlingsbasert er slik:
Tre fysiske samlingar med fire undervisningsdagar pr. samling. Åtte timar undervisning pr. dag. - Seks nettsamlingar med to undervisningsdagar pr. samling. Sju timar undervisning pr. dag.
Undervisninga på samlingane skjer på dagtid frå morgon til ettermiddag.
Den ordniære elkraftutdanninga har søknadsfrist 15. april i samordna opptak.
Desentralisert gjennomføring
Vi har i år eit pilotprosjekt saman med studiesentra i Nordfjord og Sogn som gjer at vi kan ta opp to klassar på Elkraft. Klassane har same studieplan og begge går over tre år, men dei vil få to ulike gjennomføringsmodellar:
Modell 1 (Samordna opptak)
3 samlingar à 4 dagar med fysisk oppmøte og undervisning i Førde.
6 digitale samlingar à 2 dagar (ein gong i månaden). Du føl undervisninga på eigen pc.
Modell 2 (pilotprosjekt)
3 samlingar à 3 dagar med fysisk oppmøte og undervisning i Førde.
14 samlingar à 1 dag (anna kvar måndag). Studentane møter fysisk på studienode enten på Nordfjordeid, i Sogndal eller Årdal. Her vil de sitte samla i eit moderne digitalt klasserom og få digital undervisning på storskjerm. Ved å vere samla, vil de få med faglege og sosiale element som kan styrke læringsutbytte. Merk: Sidan dette er eit pilotprosjekt så er det ikkje høve til å delta digitalt utanom nodene.
Opptak til desentralisert gjennomføring vert løyst lokalt ved Fagskulen Vestland
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikerfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekaninkarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- låsesmedfaget
- maritim elektrikarfaget (Vg4)
- produksjonselektronikarfaget
- romteknologifaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikarfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Krav til maskinvare
|
Operativsystem |
Windows 10/11 |
|
Prosessorserie |
Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre |
|
Grafikkort |
4GB med 106GB/s båndbredde og DirectX 11 eller bedre |
|
Minne (RAM) |
16GB eller meir |
|
Lagringsplass (SSD) |
512GB eller meir |
|
Skjerm |
FullHD 15” eller større |
Nedenfor er PC-krav til AutoCAD Mechanical/Electrical, Revit, Inventor og Archicad:
Autodesk AutoCAD Mechanical
Autodesk AutoCAD Electrical
Autodesk Inventor
Autodesk Revit
Graphisoft Archicad
Ordinær samlingsplan
| Veke 37 | 07.09.2026 | 11.09.2026 | Første samling, +1 dag oppstart, fysisk 5 dagar |
| Veke 40 | 28.09.2026 | 02.10.2026 | Samling digital 2 dagar |
| Veke 45 | 02.11.2026 | 06.11.2026 | Samling digital 2 dagar |
| Veke 49 | 30.11.2026 | 04.12.2026 | Samling fysisk 4 dagar |
| Veke 2 | 11.01.2027 | 15.01.2027 | Samling digital 2 dagar |
| Veke 6 | 08.02.2027 | 12.02.2027 | Samling digital 2 dagar |
| Veke 10 | 08.03.2027 | 12.03.2027 | Samling fysisk 4 dagar |
| Veke 15 | 12.04.2027 | 16.04.2027 | Samling digital 2 dagar |
| Veke 20 | 17.05.2027 | 21.05.2027 | Samling digital 2 dagar |
| prøve/eksamensdagar kan komme i tillegg |
Samlingsplan desentralisert gjennomføring Nordfjord og Sogn
| Veke 37 | 07.09.2026 | 11.09.2026 | Første samling, +1 dag oppstart, fysisk 4 dagar |
| Veke 39 | 21.09.2026 | 25.09.2026 | Digital 1 dag |
| Veke 42 | 12.10.2026 | 16.10.2026 | Digital 1 dag |
| Veke 44 | 26.10.2026 | 30.10.2026 | Digital 1 dag |
| Veke 46 | 09.11.2026 | 13.11.2026 | Digital 1 dag |
| Veke 48 | 23.11.2026 | 27.11.2026 | Digital 1 dag |
| Veke 50 | 07.12.2026 | 11.12.2026 | Fysisk 3 dagar |
| Veke 1 | 04.01.2027 | 08.01.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 3 | 18.01.2027 | 22.01.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 5 | 01.02.2027 | 05.02.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 7 | 15.02.2027 | 19.02.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 9 | 01.03.2027 | 05.03.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 11 | 15.03.2027 | 19.03.2027 | Fysisk 3 dagar |
| Veke 14 | 05.04.2027 | 09.04.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 16 | 19.04.2027 | 23.04.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 18 | 03.05.2027 | 07.05.2027 | Digital 1 dag |
| Veke 21 | 24.05.2027 | 28.05.2027 | Digital 1 dag |
| prøve/eksamensdagar kan komme i tillegg |
Digitale samlingar måndagar
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no