Hopp til hovedinnhold

Målretta bruk av KI

Kunstig Intelligens (KI) opnar for store moglegheiter for næringslivet, men korleis vurderer du kva løysingar som faktisk passar for di bedrift? Gjennom tre fysiske samlingar og nettbaserte oppgåver mellom samlingane får du jobbe med konkrete utfordringar frå di eiga verksemd, bygge nettverk med andre bedrifter og lære korleis KI kan bli ein ressurs i din organisasjon.

Varigheit:
7 veker
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Neste oppstart:
Oktober 26

Kunstig Intelligens (KI) opnar for store moglegheiter for næringslivet, men korleis vurderer du kva løysingar som faktisk passar for di bedrift?

Dette kurset gir deg ei generell, konseptuell forståing av KI, slik at du kan stille dei rette spørsmåla, vurdere leverandørar og ta informerte beslutningar.

Du får innsikt i kva KI er, kva ho kan gjere, og korleis ho fungerer, kombinert med hands-on øvingar, case frå relevante bedrifter og diskusjonar om etikk, datasikkerheit og personvern. 

Gjennom tre fysiske samlingar og nettbaserte oppgåver mellom samlingane får du jobbe med konkrete utfordringar frå di eiga verksemd, bygge nettverk med andre bedrifter og lære korleis KI kan bli ein ressurs i din organisasjon. 

 

Samlingar

Hausten 2026 vert samlingane på Fagskulen Vestland i Måløy.

Målgruppe

Kurset er utvikla for nøkkelpersonar i bedrifter som skal ta strategiske og operative avgjerder om KI. Det passar særleg for: 

  • Leiarar og mellomleiarar som vil forstå korleis KI kan skape verdi og korleis ein implementerer teknologien på ein trygg måte. 
  • Innkjøparar og beslutningstakarar som treng kompetanse til å vurdere KI-løysingar og stille dei rette spørsmåla til leverandørar. 
  • Fagpersonar og prosjektleiarar som skal drive fram KI-prosjekt eller integrere KI i eksisterande prosessar. 
  • Superbrukarar og innovasjonsansvarlege som vil lære praktiske verktøy som prompt-engineering og forstå korleis data påverkar KI-resultat. 

Kurshaldarar

Kurshaldarar er Runar Lie Berge og Andreas Brandsæter. Begge er tilsette som førsteamanuensis ved Høgskulen i Volda der dei underviser og forskar på kunstig intelligens og programmering i matematikk. 

Runar Lie Berge og Andreas Brandsæther er blant forskningspartnarane i «The Norwegian Centre for Trustworthy AI» (TRUST) som er eitt av seks nasjonale forskningssenter som vart etablert med støtte frå Norges forskingsråd i 2025. 

Kostnader

Dette kurset er gratis.

Opptak

Kurset er ope for alle.

Det er 35 plassar på kurset.