Hopp til hovedinnhold

Skreddarsydde KI-system

Kunstig intelligens (KI) er meir enn ei teknologisk nyvinning — det er ein «gamechanger» for bedrifter som vil ligge i forkant. For å utnytte potensialet til KI krevst det ikkje berre teknisk forståing, men òg ei djup forståing av kreativitet og innovasjon. Gjennom denne utdanninga vil vi utforske kva som er grunnlaget for kreativitet og kreativ verksemd.

Varigheit:
Eitt semester
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
November 2025
Studiestad:
Førde

Søk her: Nettbasert Gruppe  C (oppstart 24. nov.)

Søk her: Nettbasert Gruppe D (oppstart 25. nov.)

Løpande opptak. Du finn samlingsplanar lenger nede på sida.

Kunstig intelligens i praksis - frå visjon til nytteverdi

Vil du lære å bruke kunstig intelligens (KI) til å skape reell verdi i din eigen arbeidskvardag? Denne nettbaserte utdanninga gir deg innsikt i korleis vi lærer, endrar oss og utviklar kreativitet – og korleis KI kan støtte og styrke desse prosessane.

Du lærer ikkje berre om KI, men korleis du kan utvikle og tilpasse løysingar til din eigen arbeidsplass. Frå interne erfaringsdatabasar og smartere anbodsprosessar, til automatisering og innovasjon – du får verktøy til å møte både dagens og framtidas utfordringar.

Utdanninga gir 5 studiepoeng og er praktisk tilrettelagt for ein travel kvardag. Du jobbar med reelle problemstillingar og utviklar eigne KI-løysingar – direkte knytt til behova i di bedrift.

Nettbasert utdanningsmodell

 Ved å kombinere det beste innan teknologi og pedagogisk forsking, har vi utforma ein nettbasert utdanningsmodell som plasserer studenten i sentrum, samstundes som den oppfyller samfunnets og næringslivet sine krav til kompetanse. Med denne utdanningsmodellen får du:

  • Uavgrensa fleksibilitet: Studer uavhengig av tid og stad. Perfekt for travle kvardagar, jobbforpliktingar, familieansvar eller bustad i avsidesliggande område. 
  • Individualisert læring: Tilpassa læringsmateriale, sjølvstyrt progresjon, og kjappe tilbakemeldingar sørger for at kvar student får ei unik og målretta læringsoppleving. 
  • Djupneforståing: Beveg deg frå grunnleggjande kunnskap til avansert forståing. Analyser, teoretiser og bruk kunnskapen din i ulike samanhengar. 
  • Studentaktiv læringsform: Engasjer deg i læreprosessen, ver ein aktiv deltakar og ta kontroll over di eiga utvikling og læring. Med den nettbaserte modellen vår vil du ikkje berre tileigne deg kunnskap, men du vil også lære å bruke den, reflektere over den, og vekse både fagleg og personleg. 

Målgruppe

Målgruppa for denne utdanninga inkluderer rådgivarar, prosjekt- og byggjeleiarar, tekniske entreprenørar, leverandørar, samt drifts- og vedlikehaldsleiarar. Ho rettar seg også mot montørar, VVS-teknikarar, elektroingeniørar og saksbehandlarar som arbeider med tekniske fag i byggje- og anleggssektoren. I tillegg er utdanninga relevant for fagfolk innan fornybar energi, som sol- og vindkraft, som ønskjer å setje i verk kunstig intelligens (KI) i sine arbeidsprosessar for å fremje berekraftige løysingar. 

Vurderingsform

  •  Presentasjonsmappe med fire læringsnotat, fire quizar og ei fagleg oppgåve. 
  • Vurdering med bestått/ikkje bestått av faglærar.

Opptak

Du kan søke studieplass på grunnlag av

fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i 

  • automatiseringsfaget 
  • avionikarfaget 
  • dataelektronikarfaget 
  • elektrikarfaget 
  • elektroreparatørfaget 
  • energimontørfaget 
  • energioperatørfaget 
  • fjernstyrte undervasssoperasjonar 
  • flymotormekanikarfaget 
  • flystrukturmekanikarfaget 
  • flysystemmekanikarfaget 
  • heismontørfaget 
  • kulde- og varmepumpemontørfaget 
  • maritim elektrikarfaget Vg4 
  • produksjonselektronikarfaget 
  • signalmontørfaget 
  • tavlemontørfaget 
  • telekommunikasjonsmontørfaget 
  • togelektrikarfaget 
  • viklar- og transformatormontørfaget 
  • viklarfaget 

 

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse. Realkompetanse er all den kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande. Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

   

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Samlingsplanar for gruppene som starta i september 2025

Bergen  - oppstart 8. september 2025

Oppstart

8. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

29. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

20. okt.

Kl. 17:00

Nett

Fysisk samling

10. nov.

Kl. 10:00 – 17:00

Nordnes

Rettleiing

1. des.

Kl. 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026.

 

Nordfjordeid - oppstart 9. september 2025

Oppstart

9. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

30. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

21. okt.

Kl. 17:00

Nett

Fysisk samling

11. nov.

Kl. 10:00 – 17:00

Nordfjordeid

Rettleiing

2. des.

Kl. 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026.

 

Nettbasert 1 (B) - oppstart 15. september 2025

Oppstart

15. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

6. okt.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

27. okt.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

17. nov.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

8. des.

Kl. 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026.

 

Nettbasert 2 (A) - oppstart 16. september 2025

Oppstart

16. sept.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

7. okt.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

28. okt.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

18. nov.

Kl. 17:00

Nett

Rettleiing

9. des.

Kl. 17:00

Nett

Frist for innlevering (mappene blir lukka) 10. januar 2026.

Samlingsplanar for gruppene som startar i november 2025

Samlingsplan nettbasert Gruppe C

Oppstart 24. november Kl. 14:00- 16:00
Rettleiing 15. desember Kl. 14:00 - 16:00
Rettleiing 5. januar Kl. 14:00 - 16:00
Rettleiing 26. januar Kl. 14:00 - 16:00
Rettleiing 16. februar Kl. 14:00 - 16:00


I tillegg til samlingsplanen blir det rettleiing idividuelt eller i grupper, slik at du får målretta læring tilpassa dine behov. Stipulert tidsbruk er 125 timar på ei utdanning på 5 studiepoeng.

Frist for innlevering 16. mars 2026 (mappene blir lukka).

Samlingsplan nettbasert Gruppe D

Oppstart 25. november Kl. 17:00 - 19:00
Rettleiing 16. desember Kl. 17:00 - 19:00
Rettleiing 6. januar Kl. 17:00 - 19:00
Rettleiing 27. januar Kl. 17:00 - 19:00
Rettleiing 17. februar Kl. 17:00 - 19:00


I tillegg til samlingsplanen blir det rettleiing idividuelt eller i grupper, slik at du får målretta læring tilpassa dine behov. Stipulert tidsbruk er 125 timar på ei utdanning på 5 studiepoeng.

Frist for innlevering 16. mars 2026 (mappene blir lukka).