Solenergi
Utdanninga i solenergi gir praksisnær høgare yrkesfagleg kompetanse til planlegging, installasjon og drift av solenergianlegg.
- Varigheit:
- 3 år deltid
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 120, Høgare fagskulegrad
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studiestad:
- Førde
Rapportar frå Solenergiklyngen, mellom anna Veikart for den norske solbransjen mot 2030 og Verdiskaping og ringvirkninger av solkraftutbygging i Norge mot 2040, peikar på eit stort og aukande behov for kompetanse innan solenergi. Fram mot 2040 er det ifølge rapportane venta behov for om lag 18 000 årsverk i solenergibransjen, i takt med auka utbygging av solenergianlegg. Allereie i dag er etterspørselen etter fagpersonar med høgare yrkesfagleg kompetanse innan solenergi stor, og behovet vil berre auke i åra som kjem.
Utdanninga i solenergi er etablert for å møte dette behovet i marknaden.
Om studiet
Studiet gir kompetanse til å planlegge, prosjektere og montere solcelleanlegg med tilhøyrande utstyr. Studentane får også kunnskap om anlegg for omforming av solenergi til andre energiberarar og lagring av energi, til dømes gjennom termiske solfangarar, oppvarming av vatn og ulike batterisystem.
Utdanninga er utvikla etter initiativ frå Solenergiklyngen, som har etterspurt ei eiga fagskuleutdanning innan solenergi. Utviklingsarbeidet er gjennomført i samarbeid med Fagskulen Nordland, med støtte frå Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
Faginnhaldet ligg i skjæringspunktet mellom bygg, anlegg og elektro. Solenergianlegg blir ofte monterte på tak eller fasadar, og installasjonen må ta omsyn til bygget sine konstruksjonar, lastar og tettheit. Arbeidet skal utførast på ein trygg og fagleg forsvarleg måte, i tråd med krav innan bygg- og anleggsbransjen. Samstundes fell sjølve solenergiinstallasjonen inn under elektrofaget, der alle relevante lover, forskrifter og retningslinjer må vere oppfylte. Utdanninga omfattar også tema som energibruk og energilagring, energiomforming, styring og overvaking av anlegg, tryggleik og støyproblematikk.
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatiseringsfaget
- avionikerfaget
- dataelektronikarfaget
- elektrikarfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjonar
- flymotormekanikarfaget
- flystrukturmekaninkarfaget
- flysystemmekanikarfaget
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpemontørfaget
- låsesmedfaget
- maritim elektrikarfaget (Vg4)
- produksjonselektronikarfaget
- romteknologifaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikarfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklarfaget
- viklar- og transformatormontørfaget
- realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no