Hopp til hovedinnhold

Barn og unge si psykiske helse

Barn og unge si psykiske helse er eit av dei viktigaste satsingsområda i tida framover. Denne fagskuleutdanninga gir deg kompetanse til å forstå, førebyggje og møte psykiske utfordringar og åtferd som krev merksemd, i barnehage, skule og andre tenester for barn og unge.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
60, Fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2026
Studiestad:
Bergen

Gjennom studiet lærer du korleis du kan vere ein trygg vaksen som byggjer relasjonar, styrkjer meistring og bidreg til trivsel og inkludering i kvardagen. Du får òg kunnskap om korleis tidleg, samordna og tverrfagleg innsats kan styrkje arbeidet rundt barn og unge og sikre heilskaplege tenester.
Studiet passar særleg for deg som jobbar med barn og unge i helse- og oppvekstsektoren.  

Barn og unge si psykiske helse

Psykiske plager og lidingar blant barn og unge er eit aukande samfunnsproblem, og tidleg innsats er avgjerande. Barnehagar, skular og andre tenester har ei viktig rolle i å fremje trivsel, meistring og inkludering. Vidareutdanninga Barn og unge si psykiske helse skal bidra til å styrkje fagkompetansen i dette arbeidet, og gir kunnskap om korleis ein kan forstå, førebyggje og møte psykiske utfordringar og åtferd som krev særleg merksemd.

Beskriving av studiet

Vidareutdanninga Barn og unge si psykiske helse gir ei brei og oppdatert forståing av psykisk helsearbeid retta mot barn og unge. Gjennom studiet får du innsikt i psykiske lidingar hos barn og ungdom, utviklingspsykologi, førebyggjande og helsefremjande arbeid, tverrfagleg samarbeid, samtaleverktøy i relasjonelt miljøarbeid og korleis ein kan arbeide med det psykososiale miljøet rundt barn og unge.

Eit sentralt tema i studiet er korleis ein kan forstå og møte barn og unge som har åtferd som utfordrar, og korleis ein kan fremje tryggleik, meistring og utvikling gjennom relasjonsbygging og målretta miljøarbeid.

Studiet er praksisnært og legg vekt på refleksjon, etikk og relasjonskompetanse i møte med barn, unge og deira familiar.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Utdanninga i Barn og unge si psykiske helse kvalifiserer mellom anna til arbeid innan kommunale oppvekst-, helse- og omsorgstenester, som til dømes skular, barnehagar, barnevernsinstitusjonar, fritids- og aktivitetstilbod og andre tenester retta mot barn, ungdom og familiar.

Kompetansen er særleg relevant for fagarbeidarar og andre som arbeider med psykisk helsearbeid, miljøarbeid, førebyggjande helsearbeid og oppfølgingstenester i kommunen.
Ho er nyttig på fleire nivå i tenestene og kan gi moglegheit for nye ansvarsområde og vidare fagleg utvikling.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne à 15 studiepoeng, som samla gir 60 studiepoeng. Det er eit deltidsstudium over to år, og blir gjennomført nettbasert med samlingar.
Det er høve til å ta einskildemna kvar for seg. Arbeidsmåtane vil variere mellom digitale førelesingar, grupperefleksjonar, oppgåver, praksisnære case, workshop og rettleiing og erfaringsdeling med meir.

Politiattest og skikkavurdering

Alle helsefaglege utdanningar ved Fagskulen Vestland krev politiattest, jf. Lov om høgare yrkesfagleg utdanning (fagskulelova) §27. Politiattesten skal visast fram ved studiestart.
Vi ber om at de ikkje sender inn politiattestar på e-post, då dette kjem i konflikt med gjeldande lov om personvern.

Skulen gjennomfører skikkavurderingar jf. Fagskulelova §26.

Opptak

Du kan søkje studieplass på grunnlag av
fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev som:

  • barne- og ungdomsarbeidar
  • helsefagarbeidar
  • hjelpepleiar
  • omsorgsarbeidar
  • ambulansearbeidar
  • tannhelse-/helsesekretær (med to års relevant praksis)
  • aktivitør
  • realkompetanse

 

Realkompetanse
Søkjarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søkje opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all relevant kompetanse ein person har skaffa seg gjennom utdanning, yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar eller liknande.

Tilbod om samlingar på næraste studiestad

Studiet er deltid, nettbasert med samlingar (Bergen).
Det er mogleg å følgje samlingane digitalt frå næraste studiestad, dersom det er nok søkjarar som ønskjer å samlast der.
Fagskulen Vestland har studiestadar i Bergen, Førde, Måløy, Stord, Austevoll, Voss og Hjeltnes.

 

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no