Praksisnær rettleiing i helse- og omsorgstenestene – «Frå kunnskap til handling»
Denne utdanninga gir helsefagarbeidarar praktisk og fagleg kompetanse i rettleiing av elevar, lærlingar/praksiskandidatar og nye kollegaer i helse- og omsorgstenestene. Du lærer å planleggje, gjennomføre og evaluere rettleiing i ein travel arbeidskvardag, med vekt på profesjonell kommunikasjon, relasjonskompetanse og handtering av krevjande situasjonar.
- Varigheit:
- Eitt semester
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10, Enkeltemne
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studiestad:
- Bergen
Studiet styrkjer deg i rolla som rettleiar og gir deg verktøy til å byggje gode relasjonar, fremje læring og bidra til kvalitet og tryggleik i opplæringa på arbeidsplassen.
Utdanninga er for deg som allereie rettleier, eller som skal ta ansvar for rettleiing av elevar, lærlingar/praksiskandidatar og nye medarbeidarar.
Opptak
Formelle opptakskrav
Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/svennebrev og ha eit arbeidsforhold i helse- og omsorgstenestene.
Relevante fagbrev kan for eksempel vere: Helsefagarbeider og Barne- og ungdomsarbeidar
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkarar som ikkje oppfyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.
Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande.
Søkarar må ha eit arbeidsforhold i helse- og omsorgstenestene.
Undervisningsformer
Utdanninga kombinerer fysiske samlingar, digitale møte, sjølvstudium og praksisnær trening i eigen arbeidskvardag.
Fysiske samlingar
-
2 fysiske samlingar
-
Erfaringsdeling, refleksjon og praktiske øvingar
Digitale møte
-
1,5 timar annakvar veke
-
Faglege innlegg, refleksjon, gruppearbeid og erfaringsutveksling
-
Videoopptak av rettleiingssituasjonar med tilbakemelding frå lærar
Praksisnær trening i eigen arbeidskvardag
-
Planlegging og gjennomføring av rettleiingssituasjonar
-
Bruk av praksislogg og refleksjonsnotat og/eller video
-
Moglegheit til å filme rettleiingssituasjonar for tilbakemelding
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no