Her lærer du å produserer korrekte og ryddige 2D-teikningar i tråd med gjeldande standardar. Du lærer grunnleggande kommandoar, målsystem, lagbruk, annotasjon og oppsett.
Emnet passar for alle som ønsker ei innføring i AutoCAD, uavhengig av fagbakgrunn, og gir eit godt fundament for vidare arbeid innan teknisk teikning, dokumentasjon og digital produksjon.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Emnet er heilt nettbasert. Det er fem samlingar på ettermiddagar. Mellom samlingane arbeider du med arbeidskrav. Det er fire individuelle innleveringar før sluttvurdering.
Vurderingsform: Individuell heimeeksamen. Du får ei veke til å arbeide med ei praktisk prosjektoppgåve.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.
Realkompetanse
Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.
Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.
Kostnad
Utdanninga er gratis.
Samlingsplan vår 2026
| Veke | Samling | Dato | Tid | Tema | Fristar |
| 9 | 1 | 25. februar | 16-19 | Introduksjon og grunnleggande ferdigheiter | |
| 10 | 2 | 4. mars | 16-19 | Målsystem, lag og annotasjonar | Innlevering oppgåve 1 |
| 11 | 3 | 11. mars | 16-19 | Avanserte kommandoar og blokker | Innlevering oppgåve 2 |
| 12 | 4 | 16. mars | 16-19 | Dokumentasjon og oppsett av teikningar | Innlevering oppgåve 3 |
| 13 | Sjølvstudium |
Innlevering oppgåve 4 Utlevering av avsluttande oppgåve |
|||
| 14 | Sjølvstudium | ||||
| 15 | 5 | 8. april | 16-19 | Avsluttande oppgåve og gjennomgang | Førebuing og rettleiing for gjennomføring av avsluttande oppgåve. |
Frist for innlevering av avsluttande oppgåve er 15. april.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no