Hopp til hovedinnhold

Additiv tilvirkning – MODUL

Her får du grunnleggande og praktisk kunnskap om 3D-printing, materialval og 3D-skanning av robotkomponentar. Emnet tar føre seg design, modellering, produksjon og digitalisering ved hjelp av programvare og utstyr tilpassa industrien.

Varigheit:
4 månader
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
10
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
26. mars 2026
Studieplan:
Studiestad:
Stord

Våren 2026 vert Additiv tilvirkning tilbydd nett- og samlingsbasert med samlingar på Stord.

Emnet er ein del av utdanninga Robotteknologi, digitalisering og additiv tilvirkning.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver. I tillegg er det forelesningar, oppgåveløysing, og bruk av lærebøker.

Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone.

Det er to obligatoriske arbeidskrav. 

Vurdering:

Mappevurdering med forprosjekt og prosjektrapport. Justerande munnleg presentasjon. 

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Samlingsplan

Veke

Dato

Stad

13

Torsdag og Fredag 26-27.Mars

Stord Academy, Klasserom 1

18

Onsdag og Torsdag 29-30.April

Velferdsbygget

21

Torsdag og Fredag 21-22.Mai

Stord Academy, Klasserom 1

24

Torsdag og Fredag 11-12. Juni

Stord Academy, Klasserom 1

 

Frist for innlevering av mappe til vurdering er 

Kostnad

Emnet er gratis.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no