Robotteknologi, digitalisering og additiv tilvirkning
Dette eittårige deltidsstudiet gir ei praksisnær og målretta innføring i robotteknologi, digitalisering og 3D-skanning.
- Varigheit:
- 1 år deltid
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 30, Halvårsutdanning
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studiestad:
- Bergen


Praksisnær innføring i robotteknologi
Utdanninga er utvikla for fagfolk i arbeid som ønskjer å oppdatere kompetansen sin raskt og relevant, og er tett knytt til konkrete behov i industrien og næringslivet. Innhaldet er lagt opp slik at studentane kan kombinere studiet med full jobb, samstundes som dei får fagleg påfyll som kan takast direkte i bruk i arbeidshverdagen.
Om studiet
Studentane lærer å programmere og bruke moderne robotsystem, nytte digitale verktøy for datafangst, dokumentasjon og arbeidsflyt, og anvende 3D-skanning til inspeksjon, prosjektering og teknisk dokumentasjon. Arbeidsmåtane er praksisnære og tek utgangspunkt i reelle utfordringar og forbetringsmoglegheiter frå arbeidslivet. Studiet gir òg innsikt i korleis teknologisk utvikling og auka bruk av KI påverkar produksjon, arbeidsprosessar og automatiserte system, og kvifor dette gjer kompetanse innan robotteknologi og digitalisering stadig meir etterspurd.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Kompetansen studentane får, er særleg relevant for jobbar innan drift og vedlikehald, automasjonstunge produksjonsmiljø, teknisk support, montasje, robotoperasjon og robotteknikar-funksjonar. Utdanninga passar òg for tilsette som ønsker ei meir aktiv rolle i moderniserings- og forbetringsprosjekt, eller som arbeider i miljø der samspelet mellom menneske, maskiner og digitale system får aukande betydning.
Studiet kan kombinerast med korte (30 studiepoeng) eller lengre (120 studiepoeng) utdanningar innan elkraft eller automatisering. Til saman gir dette eit breitt og fleksibelt kompetansegrunnlag som kan brukast som byggjesteinar for å fullføre ei fullverdig fagskuleutdanning på kortare tid, med moglegheit for å få godkjent allereie fullførte emne.
Opptak
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
Epost: fagskulenvestland@vlfk.no