Hopp til hovedinnhold

Robotteknologi modul

I denne modulen får du grunnleggande og praktisk kunnskap om industrirobotar, sensorar, aktuatorar og maskinsyn. Emnet tar føre seg bruk av industrielle robotar, programmering, simulering, objektgjenkjenning og styring for å løyse oppgåver i praksis.

Varigheit:
Eitt semester
Utdanningsform:
Deltid, samlingsbasert
Studiepoeng:
10
Neste oppstart:
22. oktober 2025
Studiestad:
Bergen / Stord

Kompetanse og jobbmogelegheiter

Læringsutbytte:

Kunnskap 

Studenten

  • har grunnleggande kunnskap om robotar, robotikk og verktøy for programmering, simulering og praktisk bruk 
  • skal vite om praktiske bruksområde for sensorar i industrirobotsystem og autonome system 
  • skal forstå grunnleggande prinsipp for ulike typar sensorar (posisjon, rørsle, miljø, visuelle) 
  • har detaljert kunnskap om aktuelle aktuatorar og sensorar som vert nytta i robotsystem 
  • har forståing for maskinsyn og korleis det kan nyttast i industrielle samanhengar 
  • skal ha kjennskap til gjeldande lover og forskrifter 

Ferdigheter 

Studenten kan:  

  • ta i bruk ulike programmeringsverktøy og bruke fleire typar industrielle robotar på ein trygg og sikker måte 
  • utføre praktiske øvingar og laboratoriearbeid med ulike sensorar 
  • nytte utvalde teknikkar for objektgjenkjenning og styring, og bruke dette opp mot andre system for å løyse konkrete oppgåver 
  • gjere greie for eigne faglege val innan programmering, simulering og praktisk bruk av robotarmar og mobile robotar 
  • nytte digitale verktøy til simulering 

Generell kompetanse 

Studenten: 

  • kan planlegge og gjennomføre oppgåver sjølvstendig og i samarbeid ved bruk av robotsystem og maskinsyn 
  • kan nytte samspelet mellom teori og praksis til å diskutere faglege problemstillingar og grunngi val av robot 
  • forstår kor viktig sensorteknologi og maskinsyn er for å betre effektivitet og tryggleik i moderne robotteknologi og industri 

Oppbygging og arbeidsmåtar

Undervisninga legg opp til erfaringsbasert læring med praktiske prosjektbaserte oppgåver. I tillegg er det forelesningar, oppgåveløysing, og bruk av lærebøker. Mellom samlingane er det både eigenstudium og lærarstyrte aktivitetar, både synkrone og asynkrone. 

Arbeidsinnsats: Timeplanfesta tid gjeld samlingane. I tillegg kjem lærarstyrte aktivitetar utanom samlingar. Eigenstyrt aktivitet er det arbeidet du som student utfører utanom den timeplanfesta undervisninga. Dette inkluderer mellom anna arbeid med innleveringar, gruppearbeid, sjølvstudium og førebuing til undervisning, samt eventuelle ekstra avtalte timar med lærar. 

Det er to obligatoriske arbeidskrav. 

Mappevurdering med forprosjekt og prosjektrapport. Justerande munnleg presentasjon. 

Eit studium på 10 studiepoeng blir rekna som 250 timars arbeid. Dette inkluderer forelesingar, seminar, sjølvstudium og eksamensførebuingar. 

Opptak

Du kan søke opptak på grunnlag av:

1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev. 

Relevante fagbrev er:

  • Aluminiumskonstruksjonsfaget  
  • Anleggsmaskinmekanikerfaget  
  • Automatiseringsfaget  
  • CNC-maskineringsfaget  
  • Dataelektronikerfaget
  • Dimensjonskontrollfaget  
  • Elektrikerfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energimontørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Finmekanikerfaget  
  • Grafisk produksjonsteknikk  
  • Heismontørfaget
  • Industriell matproduksjon  
  • Industriell overflatebehandling  
  • Industrimekanikerfaget  
  • Industrimontørfaget  
  • Industrioppmålingsfaget 
  • Industrisnekkerfaget  
  • Industrisømfaget  
  • Industritekstilfaget trikotasje  
  • Industritekstilfaget veving  
  • Modellbyggerfaget  
  • Motormekanikerfaget  
  • NDT-kontrollørfaget  
  • Plastmekanikerfaget  
  • Platearbeiderfaget  
  • Polymerkomposittfaget 
  • Produksjonselektronikerfaget
  • Produksjonsteknikkfaget  
  • Serigrafifaget  
  • Signalmontørfaget   
  • Støperifaget  
  • Sveisefaget  
  • Tavlemontørfaget
  • Telekommunikasjonsmontørfaget   
  • Trykkerfaget  
  • Verktøymakerfaget  
  • Viklerfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Realkompetanse er all den relevante kompetansen du har skaffa deg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar og liknande. Les meir om realkompetanse her.

Samlingsplan

Samling

Dato

Stad

1

22. oktober 2025

Møterom Breivikjo, Bleikjehaugen A,  Stord

 

23. oktober 2025

Møterom Breivikjo, Bleikjehaugen A, Stord

2

6. november 2025

Møterom Breivikjo, Bleikjehaugen A, Stord

 

7. november 2025

Skolestova 3, Stord

3

20. november 2025

Bergen (LAB)

 

21. november 2025

Skolestova 3, Stord

4

8. januar 2026

Skolestova 1, stord

 

9. januar 2026

Skolestova 1, stord

 

Frist for innlevering er 18. januar 2026.

Det blir presentasjonar i Storstova 22. januar 2026.

Mellom samlingane er det lagt opp til læringsaktivitetar og nettmøter for å gjennomgå spørsmål. 

Timeplanen vil fungere som eit utgangspunkt. Ved behov kan timar bli flytta mellom emne etter ein samla fagleg og pedagogisk vurdering, med utgangspunkt i klassen sitt behov. 

Krav til maskinvare

PC med windows 11

Kostnad

Dette studiet er gratis.

Industriens kompetansefond

Dette studiet er ein del av Industripiloten for etterutdanning av industriarbeidarar. Det betyr at bedrifter som er medlem i Norsk Industri kan søke Industriens kompetansefond om lønsrefusjon for inntil to veker for tilsette som deltek i og gjennomfører tilbodet.

Les om Industriens kompetansefond og korleis du søker støtte her

Ein treng sjølvsagt ikkje vere omfatta av ein tariffavtale for å ta dette studiet.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

Epost: fagskulenvestland@vlfk.no