Hopp til hovedinnhold

Robotteknologi

Industrien har behov for personell med praktisk kompetanse kombinert med teoretisk kunnskap.

Varigheit:
2 år
Utdanningsform:
Heiltid, stadbasert
Studiepoeng:
120, Høgare fagskulegrad
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
Haust 2026
Studieplan:
Studiestad:
Stord

Skaff deg kompetanse for framtida

Den raske endringa og digitaliseringa i samfunnet og industrien har skapt eit nytt behov for studium som kombinerer ei praktisk utdanning med ei relevant og oppdatert teoretisk påbygging. I tillegg blir digital endringskompetanse stadig viktigare.

Kompetanse og jobbmoglegheiter

Studiet fokuserer på ny teknologi som industrien ønskjar å ta i bruk. Hovedfokuset er på robotteknologi brukt saman med intelligente digitale løsningar i industrien. Smart sensorteknologi, skytjenester og datasikkerhet er andre fokusområder.

Etter studiet vil ein vere kvalifisert til å søke stillingar i følgjande bransjar: kjemisk-, mekanisk-, farmasøytisk- og næringsmiddelindustri samt oljeverksemd, logistikk og lagersystem.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studiet er på 120 studiepoeng og går på heltid over to år. 

Gjennomføringsmodellen er slik:

  • To år på heltid, nettbasert med samlingar på Stord.
    • Seks vekesamlingar kvart semester
    • Mellom samlingsvekene kan du forvente lærarstyrte aktivitetar.
    • Avsluttande prøver / eksamenar kjem
       utanom samlingsvekene.

Vi forstår at du kan ha jobb, familie og andre forpliktingar. Utdanningane våre er derfor laga slik at dei er mogleg å gjennomføre ved sidan av andre livsroller. Har du utfordringar knytt til gjennomføring/aktivitetar, ta kontakt med faglærar så tidleg som mogleg. Vi fører ikkje fråvær, og obligatorisk oppmøte gjeld kun for arbeidskrav som laboratorieoppgåver, gruppepresentasjonar, eller deltaking i prøvar og eksamenar.

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på:

Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i:

  • Aluminiumskonstruksjonsfaget  
  • Anleggsmaskinmekanikerfaget  
  • Automatiseringsfaget  
  • CNC-maskineringsfaget  
  • Dataelektronikerfaget
  • Dimensjonskontrollfaget  
  • Elektrikerfaget
  • Elektroreparatørfaget
  • Energimontørfaget
  • Energioperatørfaget
  • Finmekanikerfaget  
  • Grafisk produksjonsteknikk  
  • Heismontørfaget
  • Industriell matproduksjon  
  • Industriell overflatebehandling  
  • Industrimekanikerfaget  
  • Industrimontørfaget  
  • Industrioppmålingsfaget 
  • Industrisnekkerfaget  
  • Industrisømfaget  
  • Industritekstilfaget trikotasje  
  • Industritekstilfaget veving  
  • Modellbyggerfaget  
  • Motormekanikerfaget  
  • NDT-kontrollørfaget  
  • Plastmekanikerfaget  
  • Platearbeiderfaget  
  • Polymerkomposittfaget 
  • Produksjonselektronikerfaget
  • Produksjonsteknikkfaget  
  • Serigrafifaget  
  • Signalmontørfaget   
  • Støperifaget  
  • Sveisefaget  
  • Tavlemontørfaget
  • Telekommunikasjonsmontørfaget   
  • Trykkerfaget  
  • Verktøymakerfaget  
  • Viklerfaget

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Krav til maskinvare

Operativsystem

Windows 10/11

Prosessorserie

Intel i5 Gen8 eller AMD Ryzen 5 Gen2 eller bedre

Grafikkort

-

Minne (RAM)

8GB eller meir

Lagringsplass (SSD)

128GB eller meir

Skjerm

FullHD 13” eller større

Programvare

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no