Studiestad Bergen
Vi har to studiestadar i Bergen - Nordnes og Nygård.


Bergen er ein by med lange tradisjonar innan høgare utdanning, og kan skilte med eit godt og variert studiemiljø med eit breitt utval av studentaktivitetar og fasilitetar. Nesten uansett kva du er interessert i, vil du kunne finne ein studentorganisasjon som driv med det same. I Bergen finn du eit yrande kulturliv, og byliv. Er du meir interessert i friluftsliv? Fortvil ikkje, - byen har mange turmogelegheiter.
Bergen
På Nordnes har vi utdanningar innan bygg og anlegg, maskin og prosess, robotteknologi, elkraft og automatisering og helse og oppvekst. Vi disponerer store og trivelige lokaler, og fleire høgteknologiske laboratorium.
På Nordnes finn du også hovudadministrasjonen til Fagskulen Vestland med tilhøyrande servicetorg.
På Nygård finn du petroleumstekniske og maritime utdanningar.