Utdanningar innan VVS og energiteknikk
Det blir stadig strengare forskrifter, aukande energikostnader og meir komplekse anlegg. Energibruk må planleggast, driftast og følgast opp meir systematisk og kunnskapsbasert. Utdanningane våre innan VVS og energiteknikk skal gje deg høgare kompetanse, meir kontroll og mindre energibruk.
Ved studiestad Førde tilbyr vi tre utdanningar i kategorien VVS og energiteknikk.
Energirådgjevar (10 studiepoeng) er eit enkeltemne som gir spissa kompetanse som energirådgjevar. Utdanninga gir innsikt i energiflyt og internlastar, og du får innsikt i dei ulike varme- og ventilasjonsprinsippa. Med denne utdanninga kan du mellom anna utvikle planar for energirehabilitering basert på variablar som klima, geografi og åtferd/bruk.
Energieffektivisering og automasjon i bygg (40 studiepoeng) gir deg kompetanse til å redusere energibruk i bygg gjennom forståing av energiflyt, tekniske anlegg og byggautomasjon, utan at det går på kostnad av inneklima og stabil drift. Emna inngår som ein del av utdanninga VVS og energiteknikk (KEM). Emna du tar her, vil bli godskrivne om du vil ta heile utdanninga seinare.
VVS og energiteknikk (KEM) (120 studiepoeng) er ein høgare fagskulegrad som gir deg opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vassboren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk. Du lærer å utarbeide anbod, og får kunnskap om lov- og regelverk for bygg- og anleggsbransjen.
Fleksibel gjennomføring
Utdanningane våre innan VVS og energiteknikk er nett- og samlingsbaserte og blir gjennomført på deltid. Undervisninga er lagt opp for å gjere det lettare å kombinere utdanning og arbeid.
Energirådgjevar har éi fysisk samling i Førde. Resten er digitalt.
Energieffektivisering og automasjon i bygg er ei heildigital utdanning. Du får gjennomføre labøvingar digitalt, kopla opp mot KEM-laben i Førde.
For den lengre utdanning, Utdanninga VVS og energiteknikk (KEM), er det kvart studieår lagt opp til:
- Tre fysiske samlingar i Førde
- Seks kortare digitale samlingar fordelt mellom dei fysiske
- Rettleiingsøkter og gruppearbeid for og av studentane på kveldstid
Dette er ein modell som er velprøvd og populær blant studentane våre.
Moderne KEM-lab
Ta ei fagskuleutdanning innan VVS og energiteknikk
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no