Hopp til hovedinnhold

Slik blir du student ved Fagskulen Vestland

Studenter FV

Når du skal søke opptak til ei utdanning ved Fagskulen Vestland, gjer du det elektronisk via www.samordnaopptak.no.

Søkandsportalen opnar 1. februar og siste frist for å søke og laste opp dokumentasjon er 15. april. Samordna opptak sender ut svar på søknadane 25. mai.

Har du spørsmål om utdanningane og høve ved skulen, kan du kontakte oss på fagskulenvestland@vlfk.no

Informasjon frå Samordna opptak

Generelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak er: Fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/vitnemål. Dersom ein ikkje har relevant fagbrev eller yrkesvitnemål, og er over 23 år, kan du søke opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Du kan få betinga opptak hvis du tar fag- eller svenneprøva etter søknadsfristen. Dokumentasjon på dette må leverast til lærestaden.

Fagbrev som kvalifiserer til opptak står lista opp under «Opptak» på dei ulike utdanningane sine nettsider og studieplanar. Sjå liste over utdanningane her.


Realkompetansevurdering

Realkompetanse er dei samla kunnskapar og ferdigheiter som ein person har tileigna seg gjennom utdanning, løna eller uløna arbeid og anna erfaring. I Samordna opptak vel du realkompetanse som utdanningsbakgrunn.

Ved opptak på grunnlag av realkompetanse gjeld vurderinga av din realkompetanse berre for eitt bestemt studium ved Fagskulen Vestland. Realkompetansen må vere relevant for det studiet du søker opptak til, og må gje deg dei nødvendige faglege føresetnadane for å gjennomføre det aktuelle studiet.

For å få tilbod om studieplass må du dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som andre søkarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar.

Dersom studiet har spesielle opptakskrav må desse krava vere dekt, også av deg som søker på bakgrunn av realkompetanse.

Søkarar med utanlandsk utdanning

  • Søkarar med nordisk utdanning

Søkarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak dersom den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til utdanning som svarar til norsk toårig teknisk fagskule.

  • Søkarar med utdanning frå land utenfor norden

Søkarar frå land utanfor Norden med relevant fagbrev eller tilsvarande kan søke på bakgrunn av dette. Søkarar kan søke Nokut om godkjenning av utdanninga eller få ein autorisert oversettar til å oversette dokumenta.

I tillegg til relevant erfaring, må du ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Sjå forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland.

Du må i tillegg dokumentere norskkunnskapar tilsvarande B2 i lytteforståing, leseforståing, skriftleg framstilling og munnleg kommunikasjon. Informasjon om når det er mogleg å ta norsktestane kan du finne her

Klage på opptak

Meiner du det er gjort feil i handsaminga av søknaden din, har du rett til å klage.

Du kan klage på opptak ved å sende en e-post til skulen på fagskulenvestland@vlfk.no. Klagen blir handsama av den lokale klagenemnda for Fagskulen Vestland.

Les meir om klage på opptak her