Hopp til hovedinnhold

Søk med yrkesfagleg vidaregåande utdanning

Hovudregelen hos fagskulane er at du må ha relevant fagbrev eller sveinebrev. Nokre utdanningar har også opptak med relevant vitnemål frå vidaregåande opplæring.

Du finn alle relevante fagbrev/sveinebrev og vitnemål lista opp under «Opptak» på nettsida til kvar enkelt utdanning.

Finn di utdanning her

Slik søker du med bestått fagbrev/sveinebrev eller vitnemål

  1. Finn ut om du har relevant fagbrev eller vitnemål for utdanninga du vil søke på.
  2. Finn utdanninga du vil søke på i søknadsportalen til Samordna opptak.
  3. Vel Norsk vidaregåande skule som utdanningsbakgrunn og send inn søknaden.
  4. Etter du har sendt inn søknaden, skal du laste opp relevant dokumentasjon inne i portalen til Samordna opptak.

Du skal laste opp:

Alle relevante fagbrev/sveinebrev

Vitnemål/kompetansebevis

Attest på relevant yrkespraksis

Attest/bevis på at du fyller eventuelle tilleggskrav

 

Du kan få tilleggspoeng dersom du lastar opp attest på relevant yrkespraksis utover opptakskravet, dersom du har fleire relevante fag- eller sveinebrev, eller dersom du har fått «Meget godt bestått» på fagprøva.

Les meir om berekning av poeng hos Samordna opptak

Slik søker du før du har bestått fag- eller sveineprøve

Opptak på vilkår/Betinga opptak

Opptak på vilkår/betinga opptak betyr at du kan få studieplass dersom du kan dokumentere at du oppfyller eit bestemt krav innan ein frist.

Søkjarar som skal ta fag- eller sveineprøve etter opptaksfristen (15 april), kan få studieplass på vilkår av at prøva blir bestått innan utgangen av første semester. Manglande dokumentasjon innan fristen første semester etter opptak fører til tap av studieplassen.

Ordninga gjeld søkjarar som følgjer ordinert løp, 2+2-modellen (to år i skule og to år i lærebedrift). I søknaden må det leggjast ved gyldig lærekontrakt som seinast går ut august i søkjaråret.

Ved betinga opptak kan søkjaren ikkje få tilleggspoeng for svært godt bestått fag- eller sveineprøve eller for arbeidserfaring.

Dokumentasjon på bestått fagprøve skal sendast på e-post til Fagskulen Vestland innan første semester etter opptak.

Dette må søkjaren/lærebedriftene gjere i god tid før ein søkjer Fagskulen: Merk at det kan vere lang ventetid på å få tatt fag- og sveineprøver i Vestland fylkeskommune. Oppmelding til prøven bør derfor sendast til Vestland Fylkeskommune i god tid før læretida går ut.

Manglar du relevant fagbrev/sveinebrev eller vitnemål kan du få opptak basert på kunnskap og erfaring – såkalla realkompetanse.

Les om realkompetanse

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no