Hopp til hovedinnhold

Ofte stilte spørsmål

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla frå studentar – frå søknad til eksamen.

For deg som søker eller er ny student

Generelt om studiet

Er du usikker på studiet, oppmøtet eller innhald?

  • Sjå studieplanen din - hugs å velje riktig semester. Der finn du informasjon om undervisningsopplegg, arbeidsmengde og kva som er forventa av deg. 

 

Kven kontaktar eg ved spørsmål om studiet?

  • Ta kontakt med servicetorget:

      📞55 33 78 00     📨 fagskulenvestland@vlfk.no

Pålogging og tilgang

Korleis aktiverer eg brukaren min?

  • Du får ein SMS med aktiveringskode (gyldig i 14 dagar). Sjå IT for studentar for steg-for-steg-rettleiing.

 

Kva gjer eg om eg ikkje kjem inn etter sommaren?

  • Gå til passord.vlfk.no og vel «Gløymt passord». Du kan bruke same passord om igjen viss du ønskjer det.

Nettstudier

  • Vi tilbyr nettbaserte utdanningar. Gå til Finn utdanning og vel filteret Deltid nettbasert for å sjå alle nettbaserte utdanningar.
  • Her finn du både utdanningar som er fullt nettbaserte og utdanningar som kombinerer nettundervisning med fysiske samlingar (samlingsbasert).

Opptakskrav

  • Vanlegvis krevst det fag-/sveinebrev eller treårig yrkesfagleg utdanning. Søkjarar over 23 år kan også få opptak på grunnlag av realkompetanse (arbeidserfaring og annan kompetanse).

Utstyr og krav

Kva slags utsyr treng eg?

  • Det vert anbefalt å ha eigna PC. Sjå IT for studentar for meir informasjon om krav og anbefalingar. 

 

Treng eg kalkulator eller anna spesifikt utstyr?

  • Nokre utdanningar krev spesifikt utstyr. Finn ditt studium, gå til studieplan og sjå Litteratur- og utstyrsliste for å finne ut kva som gjeld for deg. 

Fråvær ved oppstart

Kva gjer eg om eg ikkje kan møte ved studiestart?

  • Ta kontakt med servicetorget så snart som mogleg: 

      📞55 33 78 00      📨fagskulenvestland@vlfk.no

 

Må eg møte opp fysisk ved studiestart?

  • Oppmøte varierer mellom utdanningane, sjå studieplanen for di utdanning. Du må registrere deg ved å bruke koden du får på SMS studiestart dagen.

Viktig: Dersom du ikkje registrerer deg, mistar du studieplassen din. Vi treng dette for å eventuelt gi plassen vidare. 

Kostnader og betaling

Korleis betalar eg studieavgift og semesteravgift?

Du får faktura tilsendt:

  • Haust: Sendast i september - forfall 30. september 
  • Vår: Sendast i januar - forfall 1. februar

 

Kva koster det å studere?

  • Studentar ved dei fleste nett- og samlingsbaserte utdanningar betaler ei studieavgift på 3 000 kroner per semester, i tillegg til semesteravgifta. Les meir om kostnader.

-> Les meir her

 

Kva skjer om eg ikkje betalar?

  • Du mistar studieretten og vert utestengd frå systema.

Viktig: Det er firsten som står på nettsida som gjeld, ikkje datoen på ei eventuell purring. 

Opptak og søknad

Når kan eg søkje, og kva er fristen? 

  • Du kan søkje frå 1. februar. Fristen er 15. april for dei fleste utdanningane, men sjekk fristen som er oppgjeven på sida til studiet ditt. 

->For lokale opptak, sjå EVU. For enkeltemner, gå inn på emnesida for ditt emne for å finne informasjon.

 

Kor søkjer eg opptak?

 

Eg har ikkje søkt innan fristen - kan eg søkje no?

  • Nei, i utgangspunktet ikkje. Du kan likevel sjekke nettsida for ledige studieplassar for å sjå om utdanninga dukkar opp der. 

 

Må eg levere politiattest?

  • Dersom du får opptak til eit studium der du kan komme i kontakt med midnreårige som del av praksis eller klinisk undervisning, skal du levere politiattest. 

Sjå din studieplan for mer informasjon. 

Under studiet

System og appar

Korleis finn eg riktig InSchool?

Vel følgjande ved innlogging:

  1. Vestland fylkeskommune 
  2. Fagskulen Vestland 

 

Appane mine fungere ikkje - kva gjer eg?

  • Logg ut og inn igjen – dette løyser dei fleste problema. Fungerer det framleis ikkje, ta kontakt med servicetorget. 

        📞 55 33 78 00      📨  fagskulenvestland@vlfk.no

 

Dokumentasjon arbeidserfaring

Korleis dokumenterer eg arbeidserfaring? 

Du dokumenterer dette med arbeidsattest eller tenestebevis. Dokumentasjonen må innehalde:

  • Start- og sluttdato
  • Stillingsprosent eller timetal
  • Fullt namn på verksemda
  • Fullt namn og stilling på person som signerer attesten
  • Dato for utskriving av dokumentet
 -> Ikkje godkjent: Arbeidskontrakt, lønnsslipp og CV vert ikkje godteke som dokumentasjon.

Tilgang og ID-kort

Problem med nøkkeltilgang i PocketID? 

  • Sjekk at nøkkelsen fungerer på dagtid. Fungerer det framleis ikkje ring:

         📞 57 62 33 33

 

Andre problemer med PocketID?

Utskrift

Korleis skriv eg ut?

  1. Gå til skuleportalen på nettsida
  2. Last opp dokumentet
  3. Logg inn på skrivaren/kopieringsmaskinen med brukarkontoen din

Betaling og studierett

Kva skjer om eg mistar studieretten og brukaren min vert sletta?

  • Du må kontakte servicetorget for vidare oppfølging og eventuell reaktivering.

 

Servicetorget:

      📞55 33 78 00     📨 fagskulenvestland@vlfk.no

Undervisning og arbeidsmengde

Kor mykje tid må eg rekne med å bruke på studiet?

  • Eit fulltidsstudium tilsvarer om lag 100 % arbeidsmengde. For deltid, nett- og samlingsbaserte studium vil dette sjå annleis ut. Sjå studieplanen din for konkret informasjon.

 

Korleis er undervisninga organisert?

  • Undervisninga er ei kombinasjon av førelesingar, oppgåver og eventuelt praksis. Dette varierer per studium – sjå studieplanen din.

 

Når får eg timeplanen min?

  • Timeplanen er vanlegvis tilgjengeleg før studiestart eller ved oppstart.

Eksamen og tilrettelegging

Kan eg søkje om tilrettelegging av eksamen? 

Ja, dersom du kan dokumentere eit behov for tilrettelegging, kan du søkje innan oppgjeven frist på nettsida. Tilrettelegging kan til dømes vere:

  • Tilrettelagde prøvar og eksamenar
  • Tilrettelagd undervisning
  • Utsetting av oppgåvefristar
  • Oppfølgingssamtalar
  • Individuell tilrettelegging av/på studiestaden

 

Eg var sjuk og fekk ikkje teke eksamen - kva no?

  • Sjukdom på eksamen må dokumenterast med sjukmelding eller legeerklæring. Fristen for å levere skjema og dokumentasjon er 2 veker etter eksamensdato.

    -> Dersom du registrerer fråvær på eksamen grunna sjukdom, tel ikkje eksamensforsøket som eitt av tre moglege forsøk.

Permisjon

  • Ein student kan søkje om permisjon dersom tungtvegande grunnar gjer det nødvendig, til dømes ved sjukdom eller innkalling til førstegongsteneste. Permisjon blir som hovudregel gitt for ein periode på eitt studieår. I ekstraordinære tilfelle kan permisjonen bli forlenga med ytterlegare eitt år.

Les meir her

Vitnemål

  • Når du har fullført utdanninga di, får du eit vitnemål som dokumenterer fullført utdanning. Vitnemål blir produsert fortløpande etter kvart som karakterar og sensurfrist er sett, og blir skrive ut fysisk og sendt i posten.
  • Treng du dokumentasjon før vitnemålet er klart, kan du alltid hente ut ei karakterutskrift. 

Har du behov for vitnemålet tidlegare enn normalt, kan du sende ein førespurnad til ->

📨fagskulenvestland@vlfk.no

Studentstadfesting

Korleis får eg ei studentstadfesting?

  • Dersom du berre treng stadfesting på at du er student, kan du sende ein førespurnad til fagskolen på e-post.

  📨 fagskulenvestland@vlfk.no

Fekk du ikkje svar?

Ta kontakt med servicetorget - vi hjelper deg gjerne.

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

📞55 33 78 00    📨fagskulenvestland@vlfk.no