Bruk av kunstig intelligens (KI) ved Fagskulen
Publisert: 10.08.2026. Sist oppdatert: 02.10.2026.
Utviklinga innan kunstig intelligens (KI) går raskt, og vi veit at mange av dykk allereie brukar slike verktøy i studiekvardagen. Fagskulen Vestland oppmodar til ansvarleg og lovleg bruk av KI i studiekvardagen, og i undervisnings- og vurderingssamanheng.
Kva er KI – og korleis bør du bruke det?
Kunstig intelligens (KI) er dataprogram som er trena til å kjenne igjen mønster og løyse oppgåver som normalt krev menneskeleg tenking, som å forstå tekst, svare på spørsmål eller skrive innhald.
Med kunstig intelligens (KI) siktar vi i denne samanhengen fyrst og fremst til store språkmodellar. Eksempel på kjende språkmodellar er ChatGPT, Copilot og Gemini. Desse verktøya kan generere tekst, oppsummere informasjon, føreslå idear og svare på spørsmål berekna ut frå mønster i enorme tekstmengder.
Dei kan vere nyttige hjelpemiddel, men har avgrensingar. Dei har ikkje menneskeleg forståing av innhaldet dei lagar, og kan gjere feil.
Retningslinjer for bruk av KI-verktøy ved Fagskulen Vestland:
- Støtte, ikkje erstatning: bruk KI som støtte, ikkje som erstatning for eige arbeid.
- Openheit: Ver open om når og korleis du har brukt KI i arbeidet ditt. Vis tydeleg kva hjelp verktøyet har gitt deg.
- Eige ansvar: Du har sjølv ansvar for fagleg innhald, vurderingar og konklusjonar i oppgåver.
- Kjeldekritikk og faktasjekk: Ikkje bruk KI som eit oppslagsverk, då det ikkje finst nokon garanti for at informasjonen som blir presentert, er korrekt.
- Personvern og opphavsrett: ta omsyn til personvern og opphavsretten. Ikkje legg inn personopplysningar i KI utan at verktøyet er godkjent for bruken. Legg heller ikkje inn opphavsrettsverna materiale utan tillating.
Unngå mistanke om fusk
Viss emnet ditt opnar for det, kan du bruke kunstig intelligens (KI) til oppgåver og innleveringar. Reglane for bruk av KI vil kunne variere mellom fag og oppgåver. Spør alltid faglæraren viss du er usikker på kva som er tillate.
Er bruk av KI tillate, krev vi openheit om bruken i alle skriftlege arbeid. Manglande openheit om bruk av KI kan reknast som fusk. Forsøk på fusk kan få alvorlege følgjer for studiane dine. Sjå «Retningslinjer om fusk og kjeldebruk» på vurderingssida.
Slik oppgjer du bruken av KI i skriftlege arbeid ved Fagskulen Vestland
Bruk av KI krev medvit om personvern og opphavsrett. Vi tilrår at du brukar KI-verkøya som er godkjent av Fagskulen og ikkje legg inn personopplysningar i KI-verkøya. Logg inn via skulebrukaren din.
Godkjende KI-verktøy
Fagskulen er eigd av Vestland fylkeskommune. Alle studentar ved fagskulen kan nytte fylkeskommunen sine godkjente KI-verktøy. At eit KI-verktøy er godkjent, inneber at fylkeskommunen har gjort grundige risikovurderingar og ei kvalitetssikring knytt til personvern, datasikkerheit og informasjonstryggleik. Desse vurderingane tryggjar at verktøya oppfyller gjeldande lovverk og er eigna for bruk i undervisning og studiearbeid. Bruk av desse KI-verktøya via institusjonell innlogging sikrar at data ikkje vert brukte til å trene modellar vidare, og at dei ikkje vert delte med tredjepartar.
Du kan lese meir om dei ulike verktøya og finne direkte lenkjer her. Ein kort oversikt finn du under:
Godkjende verktøy:
Hugs å logge inn med studentkontoen din (VLFK-konto)!
Korleis bruke KI-verktøy utan risiko for fusk?
Dersom emnet opnar for at KI-verktøy er tillate hjelpemiddel, kan du til dømes nytte det til:
-
Idemyldring og struktur: Få forslag til disposisjon, tema eller struktur til det skriftelige arbeidet ditt.
-
Språkvask og korrektur: Forbetre språket, sjekke grammatikk og rette skrivefeil i tekst du har skrive sjølv.
-
Forklaring av fagstoff: Få forenkla forklaringar eller døme på vanskelege omgrep og teoriar.
-
«Sparringspart» og tilbakemelding: Teste ut eigne argument og få innspel til korleis teksten din kan bli betre.
Du kan ikkje bruke KI til å:
-
Det du leverer, skal vere eit resultat av di eiga tenking og innsats. Du kan difor ikkje presentere tekst frå KI som ditt eige arbeid (la KI skrive innleveringa/oppgåva di for deg).
-
Ikkje bruk KI som eit oppslagsverk. Vis alltid til dei faktiske kjeldene. KI-verktøy kan produsere feilaktig informasjon, misvisande resonnement og dikte opp kjelder som ikkje finst (såkalla hallusinasjonar). Difor er det avgjerande at du alltid forsikrar deg om at det du leverer, held fagleg mål.
Personvern og bruk av KI-verkøy
I Noreg er det GDPR på norsk kalla personvernforordninga som regulerer personvernet. Dette er eit regelverk vedteke av EU, og det set rammene for korleis personopplysningar kan behandlast, lagrast og brukast. Du finn lova i sin heilskap på Lovdata.
Personopplysningar er all informasjon som gjer det mogleg å identifisere ein person, som namn, fødselsnummer, e-postadresse, telefonnummer, fingeravtrykk eller eit tydeleg bilete. Vær merksam på at opplysningar og kan reknast som personopplysningar, ved at til dømes opplysningar utan namn kan koplast saman med anna informasjon eller bakgrunnskunnskap slik at identiteten kjem fram (indirekte personopplysningar).
Personvernregelverket gjeld ved bruk av KI. Sjølv med institusjonsinnlogging er det ein risiko for at opplysningar kjem på avvegar. Vestland fylkeskommune understrekar derfor at ein ikkje i nåkre høve skal leggje inn personopplysningar i samband med bruk av dei godkjente KI-verktøya.
Opphavsrettsleg materiale
Du må respektere opphavsretten når du brukar KI-verkøy. Det å laste opp låste artiklar eller verna materiale i eit KI-verktøy kan føre til at innhaldet vert spreidd eller brukt til å trena modellen. Dette kan gjere stoffet tilgjengeleg for andre eller byggje det inn i modellen, noko som bryt opphavsretten og kan få juridiske og økonomiske følgjer for deg.
Meir om korleis store språkmodellar fungerar
Språkmodellar er avanserte statistiske verktøy. Når ein modell genererer tekst, reknar han kontinuerleg ut kva ord (eller token) som er mest sannsynleg at følgjer etter det førre, basert på mønster i treningsdataa sine.
Når modellen manglar nok data, eller prøver å svare på noko han ikkje har dekning for, fyller han ut hola med noko som kunne ha vore sant. Språkmodellen "tippar", og han gjer det med ein skråsikkerheit som gjer det vanskeleg å skilje mellom fakta og fiksjon. Dette blir kalla "hallusinasjon".
Ved spørsmål til retningslinjene eller krav til korleis ein skal oppgje bruken av KI ved Fagskulen, kan du ta kontakt med administrasjonen.
Telefontid er mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Merk e-posten med "spørsmål om KI-bruk"
📞55 33 78 37 📨fagskulenvestland@vlfk.no