Hopp til hovedinnhold

Korleis oppgje bruken av KI-verktøy

For at bruken av KI skal vere open og etterprøvbar, krev vi at du oppgjer bruken din på følgjande måte:

 

I alle skriftelege arbeid

I alle oppgåver og innleveringar du nyttar KI-verkøy må du skrive om korleis du har nytta KI-verkøyet på følgjande måte: Under referanselista lagar du eit eige punkt med overskrifta «KI-bruk». Dette punktet skal innehalde to element:

Bruksfråsegn
Beskriv kva KI-verktøy du har brukt og kva hjalp du har fått av verkøyet.  

  1. Kva verktøy har du brukt?
  2. Kva har du fått hjelp til? 
  3. Korleis har du brukt verktøyet som hjelp i det skriftlege arbeidet?
  • Døme: «Eg har nytta Microsoft Copilot. Eg ba verktøyet forklare eit vanskeleg omgrep frå pensum på ein enkel måte. Eg brukte svaret til å forstå stoffet betre.»
  • Døme: «Eg har nytta Microsoft Copilot. Eg nytta verktøyet i oppstartsfasen som ein sparrepartner til idémyldring for å finne ein høveleg struktur på oppgåva. Verktøyet føreslo ein klassisk tredelt oppbygging med overskriftene «Innleiing», «Hovuddel» og «Avslutning». Eg valde å nytte dette forslaget. Eg brukte også verktøyet til å sjekke og rette skrivefeil i andre avsnitt i innleiinga».

 

Ansvarserklæring
KI-genererte svar kan innehalde feil. Vi krev difor at du stadfestar kort at du tek det fulle ansvaret for innhaldet i den ferdige innleveringa eller oppgåva. Dette er eit generelt krav til alt av arbeid ein student gjer, men i likheit med andre utdanningsinstitusjonar krev vi og at våre studentar uttrykkjeleg oppgjer at dei har gjort dette.

  • Døme: «Alt innhald er kvalitetssikra av meg, som ber det fulle ansvaret for innhaldet.»

Kjeldetilvising

Dersom du limer inn tekst, bilete eller anna materiale direkte frå KI-verktøyet, skal du kjeldetilvise i tråd med referansestilen (etter APA 7). Dette gjerast på følgande måte: 

  • I teksten: (Firma/Rettshavar, år)

    I referanselista: Firma/Rettshavar. (År). Tittel på programvare (Versjon) [Stor språkmodell]. Utgjevar. URL-til-der-ein-får-tilgang-til-tenesta

    Merk! Dersom firma/rettshavar er det same som utgjevar, treng du ikkje oppgje utgjevar.
     

    Krav til etterprøvbarheit:

    Du skal alltid leggje ved promptar og lenkjer til samtalen eller svaret frå KI-verktøyet. Du kan gjere det på følgjande måtar:

      • I referanselista: Legg inn ei lenkje som viser til både samtalen og prompten i referansen. Tips! Spør gjerne KI-verkøyet korleis dette gjerast. Då får du ei oppskrift! 

      • Til slutt i oppgåva: Dersom det ikkje er teknisk mogleg med lenkje i referansen, limer du inn promptar og samtalen/svaret i eit eige punkt med overskrifta «Promptar og KI-dialog» til slutt i oppgåva eller innleveringa. 

      • Som vedlegg: Du kan og leggje ved promptar og samtalen/svaret som eit eige vedlegg i eit Word-dokument.

     
    • OBS! Dersom du byggjer innhald på KI-generert tekst, gjeld reglane for kjeldetilvising. Eit KI-generert svar er likevel ikkje ei kjelde i tradisjonell forstand, på lik linje med ein forfattar. Du må difor alltid sjekke opplysningane og vise til dei faktiske kjeldene. I nokre høve vil det likevel være naturleg å byggje på innhald frå KI-generert tekst. Dette kan til dømes være dersom oppgåva går ut på å analysere ein tekst som KI har laga. I slike tilfelle gjeld reglane for kjeldetilvisning.

 

Sjekkliste før innlevering

    • Eg har sett meg inn i retningslinjene for bruk av KI-verktøy som gjeld ved fagskulen. 
    • Eg har lagt ved bruksfråsegn og ansvarserklæring under punktet «KI-bruk».
    • Eg har kjeldetilvist på riktig måte. 
    • Eg har lagt ved promptar og svaret/samtalen med KI-verktøyet.