Hopp til hovedinnhold

Etter- og vidareutdanning

Arbeidslivet endrar seg raskt og behovet for oppdatert kompetanse er stort. Etter- og vidareutdanning gjer det mogleg å styrke fagkunnskapen din samtidig som du er i vanleg arbeid.

Kva er etter- og vidareutdanning?

Etterutdanning handlar om å oppdatere og fornye kompetanse du allereie har innanfor eit fagfelt. Det er typisk kortare kurs eller opplæring som held deg fagleg oppdatert utan å gi formell studiepoeng.

Vidareutdanning bygger vidare på eksisterande kompetanse og gir ny, formell fagleg kompetanse – med studiepoeng og eit godkjent vitnemål eller karakterutskrift.

Fagskulen Vestland tilbyr begge deler, men flest vidareutdanningar.

Kven passar etter- og vidareutdanning for?

Typiske målgrupper er:

  • Fagarbeidarar med fagbrev som ønsker fagleg påfyll eller spesialisering.
  • Vaksne i arbeid som vil opp i lønn eller ta på seg nye arbeidsoppgåver.
  • Verksemder som ønsker kompetanseheving for tilsette, gjerne som ein del av eit skreddarsydd opplæringsløp.

Korleis fungerer etter- og vidareutdanning?

Etter- og vidareutdannig vert tilbydd som frittståande emne eller kurs.

Utdanninga varer alt frå nokre få veker til eitt semester.

Emna vert gjennomført på deltid, ofte med samlingar og nettstøtte. Nokre emne er heilt nettbaserte.

Nokre av emna kan inngå i ein grad om du seinare vil ta meir utdanning.

Etter- og vidareutdanning hos Fagskulen Vestland er som hovudregel gratis for studentane.

Fleksibel vidareutdanning ved sidan av jobb

Fagskulen Vestland har lang erfaring med å lage utdanningsløp som let seg kombinere med jobb og familieliv.

På mange emne er det lagt opp til asynkron undervisning og læringsstiar du kan følge i eige tempo.

Vi tilbyr både heilt nettbaserte emne og samlingsbaserte opplegg. Samlingar kan vere både fysiske og digitale. Fysiske samlingar handlar som regel om lab og øvingar som du treng tilgang til spesialisert utstyr for å bruke. Samlingsplanar ligg ute på nettsida før du søker, slik at du kan planlegge rundt dei.

Nettbasert undervisning og deltidsutdanning

Fagskulen Vestland tilbyr utdanning tilpassa deg som er i jobb. Mange emne er heilt eller delvis nettbaserte, med samlingar nokre gonger i semesteret. Dette gjer det mogleg å bu og jobbe der du er – utan å måtte flytte eller ta permisjon.

Dei fleste fagskulestudentar er heilt eller delvis i arbeid medan dei studerer. Nettstudium gir deg fridomen til å legge opp studiekvardagen rundt familieliv og jobb, samstundes som du held kontakten med lærarar og medstudentar gjennom digitale læringsplattformer og nettsamlingar.

Modulbasert og praksisnær opplæring

Fagskulen Vestland samarbeider tett med bedrifter for å kartlegge kompetansebehov og utvikle målretta opplæringstilbod.

Fleire av emna er organiserte som fagmodular – kortare, sjølvstendige einingar som gir studiepoeng og kan settast saman til eit større studium over tid.

Opplæringa er praksisnær og yrkesretta, og tek utgangspunkt i oppgåver og problemstillingar frå arbeidslivet. Ofte kan du ta utgangspunkt i eigne erfaringar, oppgåver og prosjekt når du skal skrive oppgåver i utdanninga.

Samarbeid med oss!

Har bedrifta di behov for ny kompetanse? Avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU) samarbeider tett med bedrifter for å kartlegge kompetansebehov og utvikle målretta opplæringstilbod. Målet er klart: Fleksibel, relevant og praksisnær kompetanseheving.

Kvifor ta etter- og vidareutdanning?

Det er mange gode grunnar til å ta etter- og vidareutdanning. Formell vidareutdanning med studiepoeng gir deg sterkare kort i lønnsforhandlingar og opnar dører til nye stillingstitlar og arbeidsoppgåver.

For verksemder handlar det om å sikre rett kompetanse i møte med eit arbeidsliv i rask endring – enten det gjeld digitalisering, det grøne skiftet eller nye bransjereglar.

For den einskilde er det òg ei investering i fagleg sjølvtillit og meistring.

Og sidan etter- og vidareutdanning ved Fagskulen Vestland som hovudregel er gratis og tilrettelagt for kombinasjon med anna arbeid, er terskelen lågare enn dei fleste trur.

Korleis søke etter- og vidareutdanning?

Når du skal søke opptak til etter- og vidareutdanning ved Fagskulen Vestland, gjer du gjennom vår søknadsportal for lokale opptak.  Det er ingen fast dato for å søke etter- og vidareutdanning. Ulike emne har opptak til ulike tider.

Søknadsfrist, samlingsplanar, eksamensdato og lenke til søknadsskjema finn du på nettsida til kvart enkelt utdanning.

Opptakskrav er relevant fagbrev eller realkompetanse. Hugs at du må laste opp fagbrev eller dokumentasjon på relevant erfaring når du søker. Realkompetanse kan du til dømes dokumentere med attest frå arbeidsgjevar.

Ta gjerne kontakt med oss dersom du er usikker på kva som passar best for deg – vi hjelper deg å finne rett løp.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no