Treng bedrifta di fagleg påfyll? Samarbeid med oss!
Avdeling for etter- og vidareutdanning (EVU) samarbeider tett med bedrifter og arbeidslivet for å kartlegge kompetansebehov og utvikle målretta opplæringstilbod. Saman lagar vi fleksibel, relevant og praksisnær kompetanseheving.
Bestill tid for uforpliktande prat
Vi snakkar om kompetansebehova til verksemda di og moglegheitene ved Fagskulen Vestland.
Fagskulen Vestland tilbyr stadig fleire etter- og vidareutdanningar. Bedrifter og tilsette kan plukke ut dei emna dei treng – når dei treng det. Slik får verksemdene raskt påfyll av kompetanse, utan å sende folk bort frå jobben i lange periodar.
Gratis og fleksibel kompetanseheving for bedrifter
Vidareutdanning hos Fagskulen Vestland er gratis og er laga for å kunne gjennomførast ved sidan av jobb.
Vi kan også sette opp ekstra gjennomføringar av emne i samarbeid med bedrifter, slik at samlingar og tidspunkt vert tilpassa ein travel arbeidskvardag.
Les meir om etter- og vidareutdanning
Praksisnær utdanning
Fagskulen Vestland har eit sterkt fagmiljø med erfaring frå både undervisning og bransje. Lærarane utviklar faginnhald i tett dialog med næringslivet, og tilpassar opplegget etter lokale behov.
Eit døme på godt samarbeid om praksisnær utdanning, er utdanninga i prosjektleiing som vart gjennomført for tilsette ved Stadyard, Ulvesund Elektro, Verlo, Måløy Verft og Fjordpipe, i samarbeid mellom Fagskulen Vestland og Studiesenter Kysten. Her fekk studentane kombinere utdanning med reelle prosjekt.
Dette var ei god erfaring. Vi hadde leita etter utdanning innan prosjektarbeid som var direkte relevant for oss som skipsverft.
Glenn Paris, HR-ansvarleg hos Stadyard i intervju med Fjordenes Tidende