IT for studentar
Kom i gang – nye studentar
Følg desse stega når du startar som student:
- Aktiver brukarkontoen din – du får ein SMS frå Vestland fylkeskommune med brukarnamn og aktiveringskode (koden er gyldig i 14 dagar)
- Last ned Microsoft Teams – dette er den viktigaste informasjonskanalen din
- Koble til trådlaust nett på studiestaden med brukarkontoen din
- Last ned PocketID for studentbevis og tilgang til bygga -> PocketID
Brukarkonto
Brukarkontoen din gir deg tilgang til dei fleste av Fagskulen Vestland sine system.
-
Når du er registrert som student får du ein SMS frå Vestland fylkeskommune med brukarnamn og aktiveringskode. Registrering skjer i august, så nye studentar kan forvente å motta denne SMS-en i løpet av august månad. Koden er gyldig i 14 dagar.
Slik aktiverer du kontoen:
- Gå til passord.vlfk.no og vel «Aktiver brukarkonto»
- Fyll inn brukarnamn og aktiveringskoden frå SMS-en
- Skriv inn koden på skjermen og vel «Gå vidare»
- Følg resten av stega
Vent gjerne 30 minutt etter aktivering før du logger inn første gong – systemet brukar litt tid på å oppdatere seg.
Har du vore elev i Vestland fylkeskommune før? Du har kanskje allereie ein brukarkonto. I så fall får du ikkje SMS. Gå til passord.vlfk.no og vel «Gløymt/Endre passord». Same stad går du om du har gløymt passordet ditt
Gå til aktivering av brukarkonto
PC og utstyr
| Anbefalt: | Ikkje anbefalt: Ingen brukarstøtte |
| Windows 10 eller 11 (64-bit) | Mac |
| PC som ikkje er eldre enn 4 år | Chromebook |
| Privat PC med administratortilgang | PC frå jobb |
| Windows på ARM/M-chip (virtuelt miljø |
Minstekrav til maskinvare finn du under di utdanning på nettsida. Er ingenting oppgitt, held ein vanleg moderne PC.
Hugs:
-
Du treng administratortilgang for å installere ein del program. Mange arbeidsgjevarar gir ikkje dette, difor bør du unngå jobb-PC.
- Dersom det blir lisensrevisjon på arbeidsplassen, vil ikkje studentversjonar av programvare vere godkjent på arbeids-PC.
- For anbefalt antivirusprogram, sjå av-test.org
Programvare
Følgande programvare er tilgjengeleg gratis for alle studentar:
| Program: | Bruksområde: |
| Microsoft Teams | Informasjon, meldingar og møte – obligatorisk |
| Microsoft 365 | Word, Excel, PowerPoint m.m. |
| Google Workspace | Samarbeid og skylagring |
| Zoom | Videokonferansar |
Du logger inn med brukarkontoen du fekk frå Vestland fylkeskommune (e-brukarnamn@iskule.no).
Treng utdanninga di spesialprogram? Du får informasjon om dette frå læraren din.Anna tilgjengeleg programvare frå Vestland fylkeskommune
Utskrift
- Gå til skuleportalen på nettsida
- Last opp dokumentet
- Logg inn på skrivaren/kopieringsmaskina med brukarkontoen din
Trådlaust internett
- Vel nettverket «VLFK» eller det som er oppgitt på studiestaden din
-
- Bruk brukarnamn og passord frå Vestland fylkeskommune
-
- Har du problem med tilkoplinga? Sjå IT-hjelp nedanfor
IT-hjelp
Har du problem med pålogging, programvare, nettverk eller utstyr? Vi hjelper deg.
Slik melder du inn ei sak:
- Fyll ut det elektroniske skjemaet
- Vel studiestaden din i nedtrekkslista (t.d. «Fagskulen Vestland – studiestad Stord»)
- Vi tek kontakt så snart som mogleg – om saka ikkje kan løysast via fjernhjelp, sender vi ho vidare til lokalt IT-personell