Hopp til hovedinnhold

Studentbevis 

Fagskulen Vestland brukar digitale studentbevis gjennom appen PocketID. Du brukar studentbeviset som legitimasjon og for å få tilgang til undervisningsbygga.

 

Bilde studentbevis-kopi.jpg

Kom i gang

  1. Aktiver brukarkontoen din (har du ikkje gjort dette enno, sjå IT for studentar
  2. Last ned PocketID på telefonen din (frå App Store eller Google Play)
  3. Logg inn med brukarkontoen din frå Vestland fylkeskommune (e-brukernamn@iskule.no)
  4. Last opp eit bilete av deg sjølv - sjå tips nedanfor 
  5. Stundentbeviset ditt er no klart til bruk 

 

Tips for eit godt bilete

  • Lys: Snu deg mot lyset – motlys gir dårlege bilete. Godt dagslys fungerer best.
  • Utsnitt: Bilete skal vise ansiktet ditt tydeleg. Hovudet bør fylle 70–80 % av høgda i biletet.
  • Kun deg: Biletet skal vere eit fargebilete av deg, og berre deg.
  • Kvalitet: Juster gjerne lysstyrke, kontrast og skarpheit i telefonens galleri-app før du lastar opp.

 

Dette kan du bruke studentbeviset til

  • Legitimasjon som student
  • Digital nøkkel for tilgang til undervisningsbygg
  • Studentrabattar – studentbeviset er gyldig de stader der det vert tilbydd studentrabatt, til dømes på kollektivtransport.

 

Spørsmål eller problem?