Velkomstveka 2026
Når du startar på Fagskulen Vestland, er du invitert til å delta i den tradisjonelle fadderveka vår – ei sosial og inkluderande velkomstveke for alle nye studentar.

Velkomstveka startar 10. august i Festsalen på Nordnes (Haugeveien 28, 5005 Bergen), der du møter medstudentar, faddarar og blir delt inn i faddargrupper. Opplegget er ope for alle nye studentar ved Fagskulen Vestland, men aktivitetane finn stad i Bergen. Faddarane er erfarne studentar som hjelper deg å bli kjent med både studiemiljøet, studiestaden og ikkje minst studiebyen Bergen.
Velkomstveka byr på ei rekkje sosiale aktivitetar, som konsertar, spelehus, festarrangement og mykje meir. Målet er å gi deg ein trygg, morosam og minnerik start på studietida!
Velkomstbilletten kjøper du når du kjem. Den kostar kr 800,- og gir tilgang til heile programmet. Dersom du ikkje har høve til å delta heile veka, kan du kjøpe billett til deler av arrangementet.
Detaljert program og praktisk informasjon er klart i slutten av juli og blir sendt ut på e-post til alle påmelde.
Meld deg på her - vi gler oss til å ta imot deg! ->
| Måndag 10.08 | Tysdag 11.08 | Onsdag 13.08 | Torsdag 14.08 | Fredag 15.08 |
| Oppmøte og informasjon | Fagskuliga (fotballcup) | Chicken Run Tema: Bonde/redneck | HALLAIEN! | |
|
Spel og sosial ParkN Play |
Afterparty Metz Tema: Sport | Afterparty | Studentfest på Kvarteret Tema: White lies |