Hopp til hovedinnhold

Vitnemål og karakterutskrift 

Når du har fullført utdanninga di ved Fagskulen Vestland, får du vitnemål tilsendt i posten. Her finn du informasjon om vitnemål, karakterutskrift og korleis du kan be om dokumentasjon undervegs i studieløpet.

Vitnemål

Kva er eit Vitnemål?

    • Eit vitnemål er eit offisielt dokument som stadfestar at du har fullført og bestått utdanninga di. Det viser kva emne du har teke og karakterane du har fått, og er det endelege beviset på utdanninga di frå Fagskulen Vestland.

Karakterutskrift

  • Kva er ei karakterutskrift? 
  •  
    • Ei karakterutskrift er eit offisielt dokument som listar opp emna du har teke og karakterane du har fått. Det kan brukast som dokumentasjon overfor til dømes arbeidsgivar, NAV eller andre institusjonar. søknadsprosess.

Når kan du be om det?

    • Du kan be om karakterutskrift når som helst i studieløpet – til dømes medan du ventar på vitnemålet, eller om du treng rask dokumentasjon i ein søknadsprosess.

  •  

Slik går det føre seg

1. Du fullfører utdanninga

Heile utdanninga er fullført og alle emne er bestått. Fagskulen behandlar karakterane dine.

2. Vitnemålet blir skrive ut manuelt

Fagskulen Vestland skriv ut vitnemålet fortløpande etter at heile utdanninga er fullført og bestått. Vi nyttar ikkje Vitnemålsportalen.

3. Vitnemålet blir sendt i posten

Du mottek vitnemålet i postkassen til den adressa du har registrert.

✉ Treng du noko tidlegare?

Send ein e-post til fagskulenvestland@vlfk.no for å be om karakterutskrift eller framskunding av vitnemålet.

Vitnemålssermoni 

Fagskulen Vestland markerer fullført utdanning med ein vitnemålsseremoni. Under seremonien vert det halde helsingstalar og servert enkel mat. Dokumentasjon på fullført utdanning vert delt ut, medan sjølve vitnemålet vert sendt til deg når det er ferdig produsert.

Alle studentar ved Fagskulen Vestland er inviterte. Studiestadene Måløy, Førde og Stord vil i tillegg ha eigne lokale arrangement.

Spørsmål og svar

Kan eg få vitnemålet digitalt?

Vitnemål frå Fagskulen Vestland blir per no berre utlevert i papirformat og sendt per post. Ta kontakt med oss dersom du har spesielle behov fagskulenvestland@vlfk.no .

Kor lang tid tek det å få vitnemålet?

Vitnemålet blir sendt ut fortløpande etter at heile utdanninga er fullført og bestått og alle resultat ligg føre. Tidspunktet varierer dermed avhengig av når du er ferdig med studiet ditt. Dersom du har klaga på eit resultat, blir vitnemålet sendt først når klagesaka er avgjort. Treng du vitnemålet raskare, kan du ta kontakt med oss på e-post.

Er Fagskulen Vestland tilknytta Vitnemålsportalen?

Nei, Fagskulen Vestland har ikkje eit samarbeid med Vitnemålsportalen. Vi skriv difor ut vitnemål og karakterutskrifter manuelt og sender dei i posten.

Kor finn eg karakterane mine undervegs i utdanninga?

Du finn vurderingane dine i InSchool (tidlegare Visma InSchool). Logg inn med studentkontoen din for å sjå karakterar, timeplan og annan informasjon om studiet ditt.

Kva om eg ikkje har motteke vitnemålet mitt?

Viss det har gått fleire veker etter at heile utdanninga er fullført og alle emne er bestått, og du framleis ikkje har motteke vitnemålet, ta kontakt med oss på fagskulenvestland@vlfk.no så hjelper vi deg.

Kva gjer eg om eg har flytta og vil oppdatere adressa?

Ta kontakt med servicetorget på e-post (fagskulenvestland@vlfk.no ), så oppdaterer vi kontaktinformasjonen din i Inschool og sørgjer for at vitnemålet blir sendt til riktig adresse.

Studentar på maritime fag

På grunn av internasjonale krav frå STCW-konvensjonen (Standards of Training, Certification and Watchkeeping for Seafarers) vert vitnemål på maritime utdanningar utskrivne på engelsk.