Vurdering
På denne sida finn du informasjon om vurdering ved Fagskulen Vestland.
Les om det som skjer
Før du les vidare om vurdering, bør du sette deg inn i kva obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsform som gjeld for dine emne.
Finn vurderingsinformasjon
Fagskulen Vestland nyttar ulike former for vurderingar i ulike emne. Mange emne har også obligatoriske læringsaktivitetar, som må gjennomførast før vurdering.
Du finn informasjon om korleis vurderinga i emnet er lagt opp i emneskildringa.
Emneskildringa finn du ved å søke dei opp i studieplanen for di utdanning under overskrifta «Studiemodell», eller i emneoversikta. Hugs å velje rett semester!
Før vurdering
Pass på at du har kontroll på alle obligatoriske læringsaktivitetar. Har du bruk for tilrettelegging, må du søkje om det. Det same gjeld om du treng å ta vurderinga på ein annan stad enn oppsett. Gjer deg og kjend med retningslinjene for fusk og kjeldebruk. Dei gjeld både for obligatoriske læringsaktivitetar og vurdering. Før vurdering må du og gjere deg kjend med eksamenssystemet WISEflow, og sørgje for at det tekniske fungerer.
Obligatoriske læringsaktivitetar
- For å ha rett til vurdering i emnet, så må dei obligatoriske læringsaktivitetane i emnet vere gjennomført og bestått.
- Informasjon om kva arbeidskrav du skal levere i kvart emne, finn du under punktet «obligatoriske læringsaktivitetar» i emneskildringa i studieplanen.
- Emneskildringa finn du enten under overskrifta «Studiemodell» i studieplanen, eller du kan søke opp emnet i emneoversikta. Hugs å velje rett semester!
Tilrettelegging
Dersom du har behov for tilrettelegging på grunn av funksjonsnedsetting eller andre særskilte behov, så finn du informasjon om tilrettelegging i samband med vurdering og korleis du søker her.
Vurdering annan stad
- Vil du gjennomføre vurdering i eit emne på ein annan stad enn oppsett stad? Då må du søke om det.
- Døme på andre stadar er vidaregåande skular, fagskular, høgskular og universitet.
- Du kontaktar sjølv staden og dekker kostnader. Kostnadane blir avtalt mellom deg og den andre staden.
- Fristen for å søke er 4 veker før vurderingsdatoen.
Retningslinjer om fusk og kjeldebruk
Fusk er når ein student med bryt lovreglar og retningslinjer gitt for vurdering eller anna vurderingsarbeid. Du som student er sjølv ansvarleg for å setje deg inn i reglane for bruk av kjelder og tillatte hjelpemiddel.
Fusk kan ha alvorlege konsekvensar. Fusk kan føre til at eksamen blir annullert. Du kan også bli utestengt frå all utdanning og miste retten til å avlegge vurdering i inntil eitt år. Medverknad til fusk eller forsøk på fusk omfattast også av lova og kan føre til utestenging.
Forsøk på fusk og medverknad til fusk
-
Forsøk på fusk: Å prøve å jukse, sjølv om du ikkje lykkast. Til dømes å ha med ulovlege hjelpemiddel eller prøve å sjå svar under ei prøve.
-
Medverknad til fusk: Å hjelpe nokon annan med å jukse. Til dømes å gi svar, skrive for ein annan, eller gi tilgang til ulovlege hjelpemiddel.
Døme på fusk
-
Å bruke eller ha ulovlege hjelpemiddel tilgjengeleg under eksamen, prøve eller innlevering.
-
Å leggje fram andre sitt arbeid som ditt eige.
-
Å sitere kjelder eller bruke kjelder utan korrekte tilvisingar.
-
Å la ein annan gjennomføre eksamen, prøve eller innlevering for seg.
Oppdaging av fusk
Fusk, forsøk på fusk og medverknad til fusk kan bli oppdaga:
-
Av eksamensvakt eller annan kontroll i eksamenslokalet.
-
Av sensor under sensurering.
-
Av faglærar ved innlevering.
-
Etter varsel frå medstudentar eller andre.
-
Gjennom bruk av tekstgjenkjenningsprogram.
Set deg inn i reglane for fusk og kjeldebruk her:
Retningslinjer for handsaming av fusk ved Fagskulen Vestland
Om WISEflow
Fagskulen Vestland brukar eksamenssystemet WISEflow i alle vurderingar. I det digitale systemet får studentar tilgang til eksamensoppgåver, skriv svar og leverer desse elektronisk i den same plattforma, anten direkte eller ved å laste opp ulike vedlegg.
Bruk av WISEflow
I WISEflow blir kvar vurdering kalla ein Flow.
For kvar vurdering kan du sjå:
- dato og tidspunkt
- type eksamen
- frist for innlevering
- status
Du vil i forkant av vurderinga få tildelt ein "flow" WISEflow for den enkelte vurderigna. Du vil få eit varsel på e-post når ein flow er oppretta. Du vil i tillegg få ei påminning på e-post før dato for vurdering.
Vi anbefaler at du set av tid til å bli kjent med WISEflow, og gjerne testar WISEflow før du skal bruke systemet til vurdering.
Innlogging
Slik logger du inn:
- Trykk på lenka: WISEflow
- Om du går denne vegen WISEflow må du først finne Fagskulen Vestland via den grønne knappen «søk etter institusjon».
- Deretter vel du tilhøyrighet "Vestland Fylkeskommune".
- Klikk på "Logg inn med FEIDE" evt. "ID- Porten"
- Logg inn med skulekontoen din.
- Lag deg gjerne ein snarveg til WISEflow.
I WISEflow blir det brukt ulike typar "flows" etter type vurdering
FLOWlock er ein tradisjonell langsvarseksamen på studdiestad i nedlåst modus (LockDown). Du får tilgang til oppgåvesettet som eit eige dokument og ein teksteditor med vanlege verktøy for formatering, slik du kjenner frå til dømes Microsoft Word, inkludert stavekontroll.
FLOWmulti er ein fleirvalseksamen som blir svara på direkte i WISEflow. Slike eksamenar kan innehalde ulike typar spørsmål: fleirvalsavkryssing, utfylling av felt, klassifisering og matching, tekstsvar m.m. FLOWmulti kan gjennomførast med eller utan nedlåst modus, og kan dermed haldast enten på studiestaden eller heime.
FLOWassign/FLOWhandin er filopplasting. Ordinær innlevering krev at hovudbesvarelsen er ei PDF-fil, medan andre filtypar kan lastast opp som vedlegg (FLOWassign). For enkelte vurderingar kan det vere aktuelt å berre laste opp andre filtypar, som Excel eller video (FLOWhandin)
Installering av LockDown-browser (nedlåst modus)
Før kvar skuleeksamen som blir gjennomført som FLOWlock eller FLOWmulti, må du sjekke at du har installert den nyaste versjonen av programmet. Slik lastar du ned LockDown-browser.
Test WISEflow - Demoflows
I WISEflow finst det ulike demoeksamenar. Bruk desse for å gjere deg kjent med funksjonaliteten i WISEflow og for å teste at nedlåsing med LockDown-browser fungerer på datamaskina di.
- Logg inn på WISEflow.
- Trykk på knappen «Demoflows» nedst på framsida i WISEflow.
Wiseflow på heimeeksamen, mappevurdering og hovudprosjekt
I tilknytning til disse vurderingsformene lastar du opp besvarelsen og eventuelle vedlegg i WISEflow, og leverer innan fastsett frist.
- Last opp besvarelsen din i rett format og/ eller eventuelt andre vedlegg.
- Kontroller at du har lasta opp rett versjon av besvarelsen før du leverer.
- Dersom innleveringa skal vere anonym, må du hugse å fjerne namn og personopplysningar fra dokumentet før opplasting.
- Fristen for å levere vurderinga er absolutt, så planlegg tida di godt slik at du får levert i tide. Får du tekniske utfordringar, må du snarast og før fristen sende oppgåva di til adminsitrasjonen.
Under vurdering
Som student er du sjølv ansvarleg for å setje deg inn i vurderingsforma som blir nytta i emnet, og reglane som gjeld for gjennomføringa.
Skriftleg skuleeksamen
Skriftleg skuleeksamen er ei individuell prøve som blir gjennomført:
-
i lokale fastsett av Fagskulen Vestland
-
under tilsyn av eksamensvakter
-
med fastsett tid for utlevering og innlevering
Som student er du sjølv ansvarleg for:
-
å ha med ein fungerande PC
-
ha installert nødvendig programvare
-
sørgje for at utstyret fungerer under eksamen
Under den skriftlege skuleeksamenen må du rette deg etter dei instruksane som blir gitt i eksamenslokalet.
Til dømes:
-
Du må pakke vekk det du ikkje skal bruke og legge det på tilvist stad. Dette gjeld til dømes yttertøy, sekkar, vesker og liknande. Mobiltelefon, hovudtelefonar, smartklokke og anna elektronisk utstyr som ikkje skal brukast under eksamen, må du slå av eller sette i flymodus og pakke ned. Slikt utstyr skal ikkje oppbevarast i lommar eller ved pulten.
-
Studentkort eller gyldig legitimasjon med bilete skal ligge på pulten under heile eksamenen.
-
Mat og drikke kan du ha på eller ved pulten under heile eksamenen. Du kan ete og drikke når du sjølv ønsker det, men pass på at du ikkje forstyrrar andre studentar som sit rundt deg.
Andre hjelpemiddel enn det som er tillatne på eksamen vil bli inndratt, og eventuelle funn av slike hjelpemiddel vil bli handtert som fusk eller forsøk på fusk og vil meldast vidare til Fagskulen Vestland.
Oppmøte
-
Eksamenslokalet opnar 30 minutt før eksamenen startar.
-
Møt opp i god tid før eksamenen og seinast 15 minutt før eksamenen startar.
-
Ein eksamensvakt vil kome rundt med frammøteliste for oppmøteregistrering og ID-sjekk i løpet av den første timen av eksamenstida.
Pause og forlate eksamenslokalet
-
Du kan ikkje ta pause eller forlate plassen din før det har gått ein halv time etter eksamensstart.
-
Du kan ikkje forlate eksamenslokalet før det har gått ein time etter eksamenstart. Dette gjeld også om du skal trekke deg frå eksamen, eller er klar til å levere.
-
Du må tilkalle ein eksamensvakt for å be om pause.
-
Du skal skjule eller dekke til svaret ditt og eventuell kladd når du går frå plassen din.
Levering
-
Når du er klar til å levere svaret ditt, tilkallar du ein eksamensvakt.
-
Innlevering og registrering av svaret ditt skjer ved pulten din.
Munnleg og praktisk eksamen
Munnleg eksamen
Munnleg eksamen kan vere både ei eiga vurderingsform, eller ei justerande munnleg vurdering.
Praktisk eksamen
Praktisk eksamen er ein eksamen der du skal løyse praktiske oppgåver. Praktisk eksamen kan bli gitt individuelt eller i grupper, og kan inkludere element av skriftleg og/eller munnleg eksaminasjon.
Gjennomføringa av desse vurderingsformene skal som eit utgangspunkt gjerast individuelt, med mindre anna er fastsett og tydelig framgår av emneplanen.
Heimeeksamen, mappevurdering og hovudprosjekt
Heimeeksamen
Heimeeksamen er ei skriftleg vurderingsform som du gjennomfører utanfor fagskulen, vanlegvis heime, innan ein fastsett tidsfrist. Du får utlevert ei oppgåve i vårt digitale eksamenssystem, og leverer svaret ditt der innan fristen.
Mappevurdering
Med mappevurdering leverer du fleire arbeid i løpet av eit emne og får ein samla karakter på grunnlag av arbeida som er lagt inn i mappa.
Hovudprosjekt
Hovudprosjektet er eit fagleg fordjupande arbeid som vert gjennomført mot slutten av studiet, der du arbeider med ei problemstilling og leverer ein rapport, anten individuelt eller i grupper.
Hovudprosjektet blir avslutta med ei munnleg og skriftleg vurdering.
Du finn meir informasjon om hovudprosjektet her.
Gjennomføringa av desse vurderingsformene skal som eit utgangspunkt gjerast individuelt, med mindre anna er fastsett og tydelig framgår av emneplanen.
Etter vurdering
Sensur skal vere klar tre veker etter vurdering. Resultata finn du i Visma in School. Når du har fått resultatet ditt, har du høve til å be om grunngjeving og eventuelt klage. Blir du sjuk på eksamensdagen, må du og sende inn dokumentasjon på gyldig fråvær.
Fråvær på eksamen
Gyldig fråvær på eksamensdagen
Dersom du er sjuk eller har anna gyldig fråvær på vurderinga, så bruker du dette skjemaet for å melde det inn.
Du må legge ved dokumentasjon frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person som skildrar at du på grunn av sjukdom eller anna gyldig fråvær ikkje kan gjennomføre vurderinga. Det må stå i attesten kva tidsperiode dette gjeld for.
Fristen for å sende inn skjemaet er tre vekedagar etter vurderingsdatoen.
Vurderingsforsøk
Du har tre forsøk på vurdering i eit emne. Dersom ei vurdering vert registrert med gyldig fråvær, vil denne ikkje telje som eitt av dei tre forsøka.
Vurderingsresultat
Sensuren er klar tre veker etter vurderinga. Du finn resultata dine i Visma in School.
Vurderingsuttrykket er bestått/ikkje bestått vurdering eller gradert karakter frå A til E for bestått vurdering og F for ikkje bestått vurdering.
Karakterskalaen A-F gis etter følgjande allmenne, kvalitative kriterium:
|
A |
Framifrå |
Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Studenten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende. |
|
B |
Mykje god |
Mykje god prestasjon. Studenten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende. |
|
C |
God |
Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Studenten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda. |
|
D |
Nokså god |
Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. |
|
E |
Tilstrekkeleg |
Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Studenten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende. |
|
F |
Ikkje bestått |
Prestasjon som ikkje tilfredsstiller minimumskrava. |
Grunngjeving
På skriftlege vurderingsformer må du be om grunngjeving innan éi veke.
Sensor kan gi deg grunngjevinga munnleg (til dømes på telefon) eller skriftleg (i vårt digitale eksamenssystem eller på e-post).
Som hovudregel skal grunngjevinga bli gitt innan to veker etter at du har bede om ho. Dersom det ikkje er mogleg å gi grunngjevinga innan fristen, får du beskjed og informasjon om når du kan vente å få ho.
Om du ønskjer grunngjeving for karakteren din, send ein e-post til fagskulenvestland@vlfk.no.
Hugs å ta med dette i e-posten:
-
Fornamn og etternamn
-
Telefonnummer
-
Emnekode og emnenamn
-
Eksamensdato
For munnleg og praktisk eksamen må du be sensor om grunngjeving med ein gong du får karakteren, dersom du ønskjer det.
Klage på karakter og formelle feil
Du har rett til å klage dersom du meiner karakteren er feil, eller dersom det har skjedd ein formell feil i vurderinga som du meiner har påverka resultatet ditt.
Fristen er tre veker etter at karakteren er kunngjord, eller etter at du har fått grunngjeving, dersom du har bede om det.
Når du klagar, kan den nye karakteren bli betre, lik eller dårlegare.
Vi oppfordrar deg til å be om grunngjeving for karakteren før du sender inn klagen, men dette er ikkje eit krav.
Den nye karakteren er endeleg og du kan ikkje klage på den. Klagesensorane får ikkje kjennskap til din opphavlege karakter, sensor si grunngjeving for denne eller di grunngjeving for klaga.
Kontinuasjonsvurdering
Kontinuasjonsvurdering er ei ny vurdering som blir gjennomført kort tid etter den ordinære vurderinga. Du har rett til å gå opp til kontinuasjonsvurdering dersom du har gyldig fråvær eller har stroke på ordinær vurdering.
Frivillig gjentak av vurdering
Har du fullført og bestått eit emne, kan du forbetre karakteren innan eitt år etter at du bestod. Du kan ta vurderinga i det året emnet blir tilbydd.
Det same gjeld dersom du har fullført og bestått heile utdanninga.