Hopp til hovedinnhold

Gastronomisk reiseliv

I tråd med nasjonale mål for mat- og reiselivsnæringa er studiet gastronomisk reiseliv eit viktig bidrag i arbeidet med å nå måla fram mot 2030. Studiet gir studentane innsikt i gjeldande regelverk, og kompetanse til både å utvikle eigne verksemder og gi rådgiving til aktørar i bransjen.

IMG_2008.jpeg

Simen Moesgård har vore fagkoordinator og lærar i studiet sitt første år. Han er svært nøgd med gjennomføringa. 

“Studiet i gastronomisk reiseliv er utruleg spennande. Vi hadde nokre klare planar i starten, men vi har hatt høve til å tilpasse undervisninga på ein heilt annan måte enn vi først såg føre oss” 

Han utdjupar 

“Vi har hatt stort fokus på at undervisninga skal opplevast som praktisk relevant, samstundes som teori og praksis går hand i hand” 

Ifølgje Moesgård har ein viktig suksessfaktor vore å få studentane aktivt med, ikkje berre i timane, men også i utforminga av fagleg innhald. 

Vi har involvert studentane i arbeidet med læringsutbytte gjennom jamlege evalueringar og opne kanalar for tilbakemeldingar. Vi veit at vi treng deira innspel for å utvikle det beste tilbodet, og det meiner eg vi har lukkast godt med 

Tett på bransjen 

Saman med Moesgård har Fagskulen Vestland engasjert Heidi Netland Berge som undervisar på studiet. Dette er også hennar første år i undervisningsrolla. 

Berge er utdanna kokk og pommelier, med vidareutdanning innan hotell- og restaurantleiing. Ho har brei erfaring innan produkt- og konseptutvikling, sal og marknad, og har særleg kompetanse på festivalar og arrangement. 

Med erfaring frå bransjen ser eg eit aukande behov for studium som dette. Vi jobbar både med teori innan innovasjon og med praktiske øvingar, der vi til dømes smakar på produkt og fordjupar oss i vertskapsrolla 

Ho opplever at studentane utviklar seg raskt 

Studentane tek store steg og blir tryggare i å utvikle og gjennomføre eigne konsept. Det er svært givande å sjå 

Berge trekkjer også fram samarbeidet med næringslivet 

Vi har hatt eit svært godt samarbeid med bransjen. Gjennom studiet har vi hatt gjesteførelesarar frå heile landet som deler både utfordringar og suksesshistorier. I tillegg har vi besøkt verksemder i ulike regionar, mellom anna på Jæren, der vi har fått sjå korleis dei jobbar for å styrke regionen som reisemål 

Moesgård legg til at dette samarbeidet gir tydelege resultat 

Vi sådde tidleg eit frø om at studentane kunne starte noko eige. Etter kvart som dei har fått meir kunnskap og innsikt, har idear utvikla seg til konkrete konsept. No sit alle studentane med forretningsidear som dei kan realisere etter studiet 

Samtidig understrekar han at det ikkje er eit krav å starte for seg sjølv 

Målet er at studentane skal ha kompetansen til både å etablere eigne verksemder og til å rettleie andre aktørar i bransjen, frå idé til ferdig konsept 

Oppbygging av studiet 

Studiet gir 30 studiepoeng og går over eitt år. Det omfattar seks obligatoriske samlingar på Hjeltnes i Hardanger, i tillegg til seks digitale fagdagar. 

Fagdagane er retta mot fordjuping i fagstoffet, og inkluderer også gjesteførelesingar. I tillegg følgjer studentane nettbasert undervisning, med nye forelesningsvideoar kvar veke. 

  • Studiet er bygd opp rundt tre hovudområde: 

  •  
  • -gastronomisk turisme 

  • -produktutvikling, innovasjon og konseptbygging 

  • -marknadsføring og merkevarebygging