Er du interessert i kyrkjerestaurering?
Fagskulen Vestland samarbeider med Fagskolen Innlandet og Fagskolen Vestfold og Telemark om modulen Kyrkjerestaurering - ei teoretisk innføring.

Modulen gir grunnleggande innsikt i kyrkjebygga sin bruk, historie og forvaltning. Du lærer mellom anna om bygningsvern og antikvariske retningslinjer, regelverk og forvaltning, tilstandsvurdering og dokumentasjon, og risikomoment ved istandsetjing av kyrkjebygg.
Modulen passar for deg som har kompetanse og erfaring innan bygg- og anleggsfag og interesse for bygningsvern og istandsetjing av eldre bygg. Etter fullført modul skal du kunne gjere grunnleggjande vurderingar og bidra i restaureringsprosjekt.
Les meir om modulen, opptakskrav og gjennomføring hos Fagskolen Innlandet.