Hopp til hovedinnhold

Statsråden på besøk hos Fagskulen Vestland

Statsråd Eileen Fugelsnes hadde ikkje vore meir enn ei veke i jobben før ho melde at ho ville kome på besøk til Fagskulen Vestland. Fugelsnes er frå Bergen, og vi satsar sjølvsagt på at ho vil ha eit ekstra auge til Fagskulen Vestland framover.

Bildet viser statsråden som sit i ein simulator, med to studentar på sida av ho.

Bakgrunnen for besøket var regjeringa sitt arbeid med ein ny strategi for realfag og teknologi. Fagskulen Vestland er oppteken av både realfag og teknologi, og besøket gav oss eit godt høve til å vise korleis dette er tett integrert i innovasjon, utvikling og samarbeid med arbeidslivet.

Boring og dynamisk posisjonering

Statsråden fekk prøve boresimulatoren under kyndig rettleiing av lærar Petter Kongsvik, med to av studentane våre ved si side. Undervegs fekk ho òg god tid til å snakke med både studentar og tilsette.

Statsråden fekk vidare høyre om prosjektet Shallow Water, eit samarbeidsprosjekt mellom Fagskulen Vestland, Odfjell Drilling og Aker BP. Rune Mesel frå Odfjell understreka at Fagskulen Vestland har ei viktig rolle i prosjektet, som representerer innovasjon i verdsklasse. Dette er eit område der svært få, om nokon, arbeider på same måte.

Mesel understreka òg kor viktig det tette samarbeidet mellom Fagskulen Vestland og arbeidslivet er, gjennom utdanningar, kurs og kompetanseutvikling.

Ny gjennomføringsmodell – utdanning der folk bur

Rektor presenterte også eit nytt undervisningstilbod innan elektro, der vi koplar saman mindre studentgrupper på ulike stader til eitt større fagleg læringsmiljø.

Fagskulen Vestland har studiestadar rundt om i fylket, men vi samarbeider også tett med fleire studiesenter. På den måten kan enno fleire studentar bli del av faglege fellesskap, samtidig som dei kan ta utdanninga der dei bur.

Dette er førebels ein pilot som omfattar to lokale miljø, eitt i Årdal og eitt på Nordfjordeid, med totalt 16 studentar. Modellen kan seinare gjere det mogleg å kople på fleire stader, til dømes Odda.

Ambisjonen er å utvikle ein modell som gjer høgare yrkesfagleg utdanning tilgjengeleg for fleire, også utanfor dei største studiestadane.

Ny skule i Bergen – eit spennande prosjekt

Rektor understreka kor viktig det er å få på plass ei tomt for ein ny studiestad i Bergen.

Han peika på at å samlokalisere Fagskulen Vestland med Høgskulen på Vestlandet vil vere eit viktig grep for å bygge framtidas fagskule. Moglegheitene for samarbeid, felles fagmiljø, laboratorium og infrastruktur er store. Ikkje minst vil arbeidslivet i Vestland kunne merke effekten av eit endå sterkare kompetansemiljø.

Rektor presenterer: Rektor Torbjørn Mjelstad presenterte mellom anna prosjektet med ny studiestad i Bergen. Foto: Fagskulen Vestland

Statsråden gav uttrykk for at ho framleis meiner dette er eit svært spennande prosjekt, og støttar ambisjonen om samlokalisering. No blir det opp til regjeringa å ta stilling til den vidare prosessen.

Til kai i Vågen

Besøket vart avslutta i simulatoren ved den maritime avdelinga på Nygård. Under kyndig leiing av lærar Eirik Skare fekk statsråden prøve seg på å legge til kai i Vågen.

Det vart så kjekt at besøket gjekk godt over oppsett tid.

Statsråden fekk samtidig eit godt innblikk i studentane sin kvardag på dekksoffiserutdanninga og i korleis moderne simulatorar blir nytta i undervisninga.

Fagskulen Vestland har dei siste åra opplevd stor etterspurnad etter maritime utdanningar og hausten 2026 auka vi kapasiteten på dekksoffiserutdanninga med ei ekstra gruppe. Med denne satsinga er Fagskulen Vestland blitt den største maritime fagskulen i landet.

Besøket gav oss eit godt høve til å vise kva Fagskulen Vestland ønskjer å vere: tett på arbeidslivet, tett på studentane og ei drivkraft for kompetanse og verdiskaping i Vestland.

La til i Vågen: I simulatoren fekk statsråden prøve å legge til i Vågen og klarte seg bra. Foto: Fagskulen Vestland