Hopp til hovedinnhold

Læringsmiljøutval

Læringsmiljøutvalet (LMU) ved Fagskulen Vestland arbeider for at studentane skal ha eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø. Utvalet er styret sitt rådgivande organ i saker som gjeld læringsmiljøet til studentane.

Kva arbeider LMU med?

 Utvalet skal bidra til  studentmedverknad og bidra til eit godt læringsmiljø, jf Fagskoleloven § 15.

Læringsmiljø omfattar fleire sider ved studiesituasjonen:

  • fysisk læringsmiljø
  • psykososialt læringsmiljø
  • digitalt læringsmiljø
  • organisatorisk læringsmiljø
  • pedagogisk læringsmiljø

Vil du melde inn ei sak?

Du kan til dømes melde inn utfordringar med det fysiske eller digitale læringsmiljøet, undervisningssituasjonen eller organiseringa av studiekvardagen.

Læringsmiljøutvalet held fire møte kvart år.

Studentar som ønskjer å ta opp saker knytte til læringsmiljøet, kan melde desse inn gjennom studentrådet ved Fagskulen Vestland.

Kontakt Studentrådet her

Mandat for Læringsmiljøutvalet

Læringsmiljøutvalet arbeider etter eit fastsett mandat som beskriv oppgåvene og ansvaret til utvalet.

Les mandat for læringsmiljøutvalet (PDF)

Medlemmer i læringsmiljøutvalet 2026–2027

Studentrepresentantar

  • Milosz Jan Gosiewski, 2. maskinoffiser, studiestad Nygård
  • Kim Arian Kvalvåg Henriksen, bygg, studiestad Nordnes
  • Alexander Refsnes-Adrassy, 1. dekksoffiser, studiestad Måløy
  • Adam Adam Mohammed, 1. maskin, studiestad Stord

Representantar frå leiinga

  • Eilert Årseth, prorektor for utdanning, studiestad Førde
  • Hege Aarethun, administrasjonsleiar, studiestad Nordnes
  • Stig Svendsen Savland, utdanningsleiar, studiestad Førde
  • Geir Jacobsen, utdanningsleiar, studiestad Nygård

Sekretær

  • Mirjam Lundhaug, sosialpedagogisk rådgivar, studiestad Nordnes

Observatør

  • Ingvill Thorkildsen, leiar for studentliv og karriere, Sammen (studentsamskipnaden på Vestlandet)

Kontakt

Mirjam Lundhaug
Sekretær for læringsmiljøutvalet
E-post: mirjam.lundhaug@vlfk.no