Oppstart fysisk og digitalt:
1.klasse:
Oppstart 22. august – mjølkeproduksjon
Oppmøte på Mo kl. 0945.
Oppstart 22. august – bygg, anlegg, KEM
Vi held til på adressen Øyrane 12 i 3. etasje, i same bygg som Sunnfjordparken.
Kl. 1000-1100:
- Velkomen og generell informasjon
- Omvising på skulen
Kl. 1100-1300: Klassevis
- Studieteknikk
- Teamsopplæring
- Diverse informasjon
Dei som ikkje kan møte fysisk kan følge oppstarten digitalt her
Bruk passord 123456 for å kome inn.
Digital undervisning ved studiestad Førde
På studiestad Førde bruker vi Teams som læringsplattform. For å få tilgang til Teams må du aktivere studentkontoen din. Aktiveringslenke skal du ha fått tilsendt på SMS.
I Teams finn du eit informasjons-team og eit team for kvart fag. I fag-teama finn du informasjon om korleis den digitale undervisinga vert avvikla (lenke til zoom eller teams-møte).
Timeplan finn du i Visma.
2. og 3. klasse
Informasjon om oppstart finn du i plan over samlingar eller i timeplan.
NB! Timeplanen er flytta til ny plassering i Visma, så lenka til timeplan som var brukt førre skuleår fungerer ikkje lenger. Bruk lenka over.
Har du lyst til å studere i trivelege omgivelser, med god fagleg oppfølging og tilgang til topp moderne læringslabber? Vi har ledige studieplassar.
Studiestaden Førde tilbyr:
- Anlegg
- Automatisering
- BIM-teknikar
- Bygg
- Bygningssakkyndig for tilstandansanalyser
- Elkraft
- Handverksysting – verdiskaping i mjølkeforedling
- Klima, energi og miljø (KEM)
- Maskinteknikk
- Mjølkeproduksjon med bruk av robotteknologi
På studiestad Førde finns eit godt organisert studentmiljø og mange spennande fritidsaktivitetar, som gokart, bowling, kajakk, sykkel, paragliding, klatring, judo, symjing, vektløfting, div.treningsstudio, fotball, handball, sandvolleyball, volleyball, friidrett, skisport, paragliding m.m. Av kulturtilbod kan vi nemne kino, teater, Førdefestivalen og Sommarfesten. Her er også flyklubb og veteranbilklubb.
Nyttig informasjon:
Hyblar, leilegheiter og overnatting:
Sjå lokalavisa Firda, eller de kan finne hyblar/leilegheiter til leige via finn.no eller Facebook “Kjøpe-Selje-Leie-Bytte-Gis bort i Førde og omegn”.
For overnatting på samlingar så har vi Førde Gjestehus og Camping i nærleiken av sentrum, Thon Hotel Førde og Scandic Sunnfjord Hotel i sentrum. Førde Pensjonat og Førde Vandrarheim ligg òg sentralt, og kan være eit godt alternativ.
Nyttige lenker:
Campus Verftet
Besøksadresse:
Øyrane 12, 6800 Førde
tlf. 576 37 450 - studiestad Førde
Sjå vår brosjyre for meir informasjon og søk studieplass på Samordna opptak.


