Hopp til hovedinnhold

Studiestaden Måløy

Oversiktbilde over Måløy

I Måløy tilbyr vi utdanning til Dekksoffiser, Maskinoffiser og Leiing i havbruksoperasjonar. Vi er å nå på tel. 415 30690.

Skuleåret 2023/2024 har oppstart 21. august, med oppmøte i auditoriet kl. 09:30.
Nye studentar får tilsendt informasjon på e-post i god tid før skulestart. 

Fagskulen er samlokalisert med den maritime og marine avdelinga til Måløy vidaregåande skule. Samlokaliseringa gjer at vi er ein del av eit sterkt fagleg miljø, med mykje maritim og marin kompetanse samla på ein stad.

Her kan du studere Dekksoffiser, Maskinoffiser eller Leiing i havbruksoperasjonar.

Kystbyen Måløy ligg i Nordfjord, nord i Vestland fylke.

Måløy har eit stort, variert og kompetent næringsliv. Her er mange eksportbedrifter og ein mangfaldig industri. Fleire fiskerirelaterte bedrifter og skipsverft i området har gått saman og danna Måløy Maritime Group. Mange unge innovatørar og gründerar har starta bedrifter innan ny teknologi i området. Det satsast også på grønn energi og landbasert oppdrett.

Naturen rundt oss byr på mange flotte opplevingar, Det er kort avstand til surfemiljøet i Ervik og Hoddevik. Ein kan også ta turen innover Nordfjorden, der finn vi bl.a. Sagastad, Hoven Skylift og fleire skianlegg.

Måløy er også kjent for Måløyraidet, der norske og allierte styrkar gjekk til angrep på den tyske garnisonen. To monument er reist til minne om Kaptein Martin Linge og allierte falne under raidet i desember 1941.

Måløy har daglege anløp av Hurtigruta. Det går ekspressbuss til Oslo og ekspressbåt til Bergen fleire ganger om dagen. Til næraste flyplass brukar ein ca. 90 minutt.

Sjå vår brosjyre for meir informasjon og søk studieplass på Samordna opptak

Kontaktinformasjon til studiestad Måløy:

Besøksadresse: Nordfjordvegen 9081, 6718 Deknepollen
Postadresse:      Posboks 1055, 6704 Deknepollen
tel.:                       415 30 690 

Her kan du lese meir om noko av det som skjer i og rundt Måløy:

http://opplevmaloy.no/
https://www.maloyvekst.no/

Nyttige lenker:

- Sjøfartsdirektoratet

- OKFH (opplæringskontor for fiskeri og havbruk)

- Maritim opplæring 

- Opplæringskontoret for maritime fag

- Maritimt forum

- Norges Rederiforbund

- DNV (Det Norske Veritas)

- Marfag