Hopp til hovedinnhold

Korleis søkjer du?

Studenter FV

Informasjon om opptak

Når du skal søke opptak til ei utdanning ved Fagskulen Vestland, gjøres dette elektronisk på www.samordnaopptak.no  Her finn du informasjon om søknadsprosessen, og om kva dokumentasjon som må lastas opp saman med søknaden.

Årets opptak startar 01 februar. Siste frist for å søkje og laste opp dokumentasjon er 15. april. Samordna opptak sender ut svar på søknadane 25 mai.

Hvis du har spørsmål om utdanninga og høve ved skulen kan du kontakte oss på fagskulenvestland@vlfk.no

 

Generelle opptakskrav

Det generelle grunnlaget for opptak er:

Fullført og greidd vidaregåande opplæring med relevant fagbrev/vitnemål. Dersom ein ikkje har relevant fagbrev eller yrkesvitnemål, og er over 23 år, kan du søkje opptak på grunnlag av realkompetanse. 

Du kan få betinget opptak hvis du tar fag- eller svenneprøva etter søknadsfristen. Dokumentasjon på dette må leveres lærestaden.

Fagbrev som kvalifiserer til opptak til den einskilde utdanninga står lista under opptak på utdanningas side. Sjå liste over utdanningane her.

Realkompetansevurdering

Realkompetanse er dei samla kunnskapar og ferdigheitar som ein person har tileigna seg gjennom utdanning, løna eller uløna arbeid og anna erfaring. I Samordna opptak vel du realkompetanse som utdanningsbakgrunn. Ved opptak på grunnlag av realkompetanse gjeld vurderinga av din realkompetanse berre for eit bestemt studium ved Fagskulen Vestland. Realkompetansen må vere relevant for det studiet du søkjer opptak til, og må gi deg dei nødvendige faglege føresetnadane for å gjennomføre det aktuelle studiet. For å få tilbod om studieplass må du dokumentere likeverdige ferdigheiter og kunnskapar som andre søkjarar som får tilbod om plass etter ordinære rangeringsreglar.

Dersom studiet har spesielle opptakskrav må desse krava vere dekt, også av deg som søkjer på bakgrunn av realkompetanse.

Søkjarar med utenlands utdanning

Søkarar med nordisk utdanning

Søkjarar med fullført vidaregåande opplæring frå dei andre nordiske landa er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig teknisk fagskule.

Søkarar med utdanning frå land utenfor norden

Søkjarar frå land utenfor Norden med relevant fagbrev eller tilsvarede kan søke på bakgrunn av dette.  I henhold til opplæringslova § 3-4a, kan søkjarar søke Nokut om godkjenning av utdanninga. Alternativt kan man få oversatt dokumentane av ein autorisert translatør.

I tillegg til relevant erfaring, må ein ha bestått eller ha likeverdig realkompetanse i dei felles allmenne faga tilsvarande Vg1 og Vg2 i yrkesfaglege studieretningar. Sjå forskrift om opptak ved Fagskulen Vestland.

Søkjarar må i tilegg dokumentere norskkunnskapar tilsvarende B2 innenfor lytteforståing, leseforståing, skriftleg framstilling og muntleg kommunikasjon.

Klage på opptak

Meiner du det er gjort feil i behandlinga av søknaden din, har du rett til å klage.

Du kan klage på opptak ved å sende en epost til skulen på fagskulenvestland@vlfk.no  Klaga blir handsama av den lokale klagenemnda for Fagskulen Vestland.

Les meir om klage på opptak her