Hopp til hovedinnhold

Tekniske utdanningar

Illustrasjonsbildet

Dei tekniske utdanningane ved Fagskulen Vestland gir studentane ein kombinert praktisk og teoretisk kompetanse som kvalifiserer til stillingar som krev både teknisk innsikt og leiarkompetanse.

Vi utdannar fagskuleingeniørar innan tekniske utdanningar. Etter skulegang kan studentane gå rett i jobb eller velje å studere vidare. Erfaringa viser at alle som går direkte ut i jobb etter å ha vore student hos oss får interessante og godt betalte jobbar. Vi har eit stort tilbod innan dei tekniske utdanningane og tilbyr både heiltids- og deltidsutdanningar.

Jobbmoglegheiter
Fagskuleingeniørar er kvalifisert for arbeid og oppgåver på operasjonelt leiarnivå, innanfor ulike type yrke, i både privat og offentleg sektor. Utdanninga kvalifiserer, saman med praktisk pedagogisk utdanning frå høgskulen, også til å bli faglærar i vidaregåande opplæring.

Kva for tittel får ein etter å ha fullført dei tekniske utdanningane?
Etter to-årig utdanning innan dei tekniske utdanningane blir ein fagskuleingeniør.

Kva er ein fagskuleingeniør?
Fagskuleingeniøren kan kombinere praktiske og teoretiske arbeidsoppgåver og ta eit bevisst ansvar for samspelet mellom teknologi, miljø og samfunn, både nasjonalt og internasjonalt. Vidare kan fagskuleingeniøren stimulere til nyskaping, etablering og drift av ulike verksemder. I tillegg til det har fagskuleingeniøren grunnlag for undervisnings- og opplæringsverksemd.

Sjå vår brosjyre for meir informasjon og søk studieplass på Samordna opptak

Anlegg - Førde

Utdanninga gjev deg opplæring i anleggskonstruksjonar, anleggsdrift, byggeplassleiing, landmåling, betong- og stålteknologi, fjellarbeid, kommunalteknikk og geoteknikk.

Anlegg - Voss

Utdanninga omfattar m.a. landmåling/geomatikk og kommunalteknikk, anbod og kalkulasjon, geoteknikk, fjellarbeid, anleggsdrift og prosjektstyring.

Automatisering - Førde

Bygningsautomatisering - Industriautomatisering - Internet of Things. Fagskulen Vestland, studiestad Førde tilbyr nett-tilpassa 2-årig fagskulestudium over 3 år.

Automatisering - Nordnes Bergen

Alt frå dagleg drift og vedlikehald av automatiserte anlegg, til utvikling og forsking på fagområdet, inngår i kvardagen til ein automatiseringsteknikar.

BIM-teknikar - Førde

Behovet for digital kompetanse er aukande. Etterspurnaden etter BIM-teknikar som kan koordinere digitale planleggings- og samarbeidsprosessar er stor.

Bygg - Førde

Fordjupingsområdet bygg gjev deg opplæring i BIM, bygningsfysikk, byggeplassleiing, landmåling, tre-, betong- og stålteknologi og FDV.

Bygg - Nordnes Bergen

Dette er ei spennande utdanning innanfor eit fagområde som samfunnet og næringslivet har stor behov for.

Bygningssakkyndig for tilstandsanalyser - Førde

Utdanninga gjev deg takstmannutdanning. Ein får opplæring i m.a. tilstandsanalyser, vedlikehaldsplanlegging, kalkulasjon og bygningsfysikk.

Elkraft - Førde

Elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon. Alt frå daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg, til utvikling og forsking på fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar.

Elkraft - Nordnes Bergen

Elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon. Alt frå daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg, til utvikling og forsking på fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar.

Elkraft - Stord

KEM - Klima, energi og miljø - Førde

Utdanninga gjev deg m.a. opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk.

KEM - Klima, energi og miljø i bygg - Nordnes Bergen

Utdanninga gjev deg m.a. opplæring i byggeplassleiing, BIM, bygningsfysikk, vannbåren varme og kjøling, ENØK, elektro- og byggautomasjon, VVS-prosjektering og ventilasjonsteknikk.

Klassisk bygningshåndverk og restaurering - Nordnes Bergen

Har du lyst å lære klassiske handverksteknikkar innan snikkar- og tømrarfaget så er dette studiet for deg.

Maskinteknikk - Førde

Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk.

Maskinteknikk - Nordnes Bergen

Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk.

Maskinteknikk - Stord

Utdanninga kvalifiserer til stillingar både innanfor privat og offentleg sektor og ein vil få eit godt fundament i prosjekt- og kvalitetsstyring, tilverkings- og konstruksjonsteknikk.

Maskinteknikk med ISO-fag - Stord

Ei spennande utdanning innanfor eit fagområde med stor etterspurnad for fagskuleingeniørar. Tilbodet er på Fagskulen Vestland sin studiestad Stord.

Prosessteknikk - Nordnes Bergen

Alt frå den daglege drift og vedlikehald av prosess anlegg, til utvikling og forsking på fagområde inngår i kvardagen til ein prosessteknikar.

Robotteknologi og digital produksjon i industrien - Stord

Den raske endringen og digitaliseringen i samfunnet og industrien har skapt et nytt behov for studier som kombinerer en praktisk utdanning med en relevant og oppdatert teoretisk påbygning.

Velferdsteknologi i kommunane

Dette studiet er tverrfagleg, og skal gi eit felles fagleg grunnlag for studentar frå helse-, omsorgs- og velferdsyrka, men også frå teknologiyrka.

Industrifagskulen

Fagskulen Vestland tilbyr aktuelle bransjemodular og korte utdanningar for industrien utvikla i tett samarbeid med industri og næringslivet i Vestland. Ved gjennomført og bestått kurs kan du vise til spissa kompetanse innan det aktuelle fagfeltet.