Noreg som energinasjon har lange tradisjonar innan produksjon og forbruk av elektrisk kraft basert på vasskraft. Det vil seie at ei utdanning innan elkraft er ei utdanning innan eit fagområde som har ein dominerande posisjon både nasjonalt og internasjonalt. Alt frå den daglege drift og vedlikehald av elektriske anlegg til utvikling og forsking på dette fagområdet har i alle år inngått i kvardagen til ein elkraftteknikar.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: Heiltid eller nettbasert med samlingar deltid
Studiepoeng: 120
Utdanninga gir gode jobbmoglegheita innan elektroteknisk industri og prosessindustri. Som fagskoleingeniør innan elkraft er ein kvalifisert for mange ulike stillingar og arbeidsområde, som for eksempel installasjons bedrifter, energiverk og elektroteknisk rådgjeving. Vidare kvalifiserer utdanninga også for arbeid innan handel og for stillingar som konstruktør, planleggjar, serviceteknikar og faglærar i den vidaregåande skulen.
Praktisk informasjon om utdanninga
Studiet er på 120 studiepoeng, som svarar til 2 år på heiltid. Fagskolen tilbyr eit toårig heiltidsstudium og treårig nettbasert studium i elkraft på studiestad Nordnes.
For nettbasert studium blir det 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning.
Du kan søkje opptak på grunnlag av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Automatiseringsfaget
- Avionikerfaget
- Dataelektronikarfaget
- Elektrikarfaget
- Elektroreparatørfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Fjernstyrte undervannsoperasjonar
- Flymotormekanikarfaget
- Flystrukturmekaninkarfaget
- Flysystemmekanikarfaget
- Heismontørfaget
- Kulde- og varmepumpemontørfaget
- Låsesmedfaget
- Maritim elektrikarfaget (Vg4)
- Produksjonselektronikarfaget
- Romteknologifaget
- Signalmontørfaget
- Tavlemontørfaget
- Telekommunikasjonsmontørfaget
- Togelektrikarfaget
- Ventilasjonsteknikkfaget
- Viklarfaget
- Viklar- og transformatormontørfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land
Dersom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.
Litteraturliste ligger i studieplanen frå og med hausten 23.