Krava til korleis inneklima, energieffektivitet og miljø er utforma når det gjeldar bygg blir stadig strengare og derfor blir kompetanse om energieffektive varme, kjøle- og ventilasjonsanlegg meir og meir ettertrakta. Er du interessert i en tverrfagleg utdanning med gode jobbmoglegheiter så er KEM det riktige val for deg.
Studiestad: Nordnes
Utdanningsform: nettbasert med samlingar, deltid
Studiepoeng: 120
Som fagskoleingeniør innan KEM vil kompetansen din vere etterspurd både i privat og offentleg sektor. Det er moglegheit for å få interessante stillingar innan ulike bransjar, til dømes VVS, kulde, elektro og eigedomsdrift. Etter studiet vil ein være kvalifisert til å søkje stillingar som byggeleiar, prosjektleiar, konsulentar, eigedomsforvaltar, saksbehandlar, faglærar, eller til å starte eiga bedrift. Fullført studium kan også blir brukt i ein Bachelorgrad ved enkelte høgskular.
Praktisk informasjon om utdanninga
Utdanninga er på 120 studiepoeng.
Fagskulen tilbyr utdanninga som eit treårig nettstøtta studium.
Nettbasert studium er organisert med 6 vekesamlingar kvart skuleår pluss eksamensdagar, i tillegg til nettundervisning mellom samlingane. Samlingane på skulen vil innehalde mykje praktisk arbeid, bedriftsbesøk og demonstrasjonar. Mellom samlingane blir ulike former for nettundervisning brukt.
Du kan søkje opptak på bakgrunn av:
1: Fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Relevante fagbrev er:
- Automatiseringsfaget
- Byggdrifterfaget
- Elektrikarfaget
- Energimontørfaget
- Energioperatørfaget
- Industrimekanikarfaget
- Industrimontørfaget
- Industrirøyrleggjarfaget
- Isolatørfaget
- Kulde-og varmepumpemontørfaget
- Røyrleggjarfaget
- Tak- og membrantekkerfaget
- Tømrarfaget
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget
NB! Søkjarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fagprøve etter søknadsfristen, kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve innan 1. semester.
2: Realkompetanse
Dersom du ikkje har fagbrev, men lang relevant erfaring, kan du søkje opptak på bakgrunn av realkompetanse:
Du skal dokumentere:
Realkompetanse tilsvarande læreplanmål i vidaregåande opplæring innan relevant programområde (se liste over relevante fagbrev i knappen over).
Kompetanse i felles allmenne fag som svarar til VG1 og VG2 i yrkesfagleg utdanningsprogram.
Søkjar må ha fylt 23 år innan det året han/hun søker studieplass
Du finn meir info om dette her (under realkompetanse)
3: Utdanning frå eit anna land
Detsom du har utdanning frå eit anna land gjeld følgjande:
Søkjarar frå andre nordiske land er kvalifisert for opptak når den vidaregåande opplæringa i dei respektive landa gir generelt opptaksgrunnlag til tertiærutdanning tilsvarande norsk toårig fagskule. Søkjarar utanfor Norden kan søke NOKUT om godkjenning om utanlandsk fag- og yrkesopplæring.
Søk studieplass på Samordna Opptak.
Sjå informasjon om studieavgift for nettbaserte utdanningar under kostnader.