3D-prosjektering av tekniske installasjonar i bygg (BIM) - EMNE
Emnet gjev opplæring i bygningsinformasjonsmodellering (BIM) for tekniske fag ved hjelp av 3D modelleringsprogrammet Revit og tilleggsprogrammet Magicad.
- Varigheit:
- 5 månader
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Søknadsfrist:
- Neste oppstart:
- 19. november 26
- Studieplan:
- Studiestad:
- Førde
Etter fullført kurs skal kandidaten kunne prosjektere og dimensjonere i 3D ved hjelp av programmet Revit/Magicad, og eksportere modellen og informasjonen til ein tverrfagleg prosjektmodell.
Emnet er relevant for studentar frå ulike fagbakgrunnar.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Emnet vert gjennomført ved fysiske samlingar og digitale rettleiingar over ein periode på fem månader. Det blir lagt opp til sjølvstendig arbeid med fagstoffet og oppgåveløysing mellom samlingane.
Studenten bør ha god kjennskap til eige fagfelt. Studenten må disponere eigen PC som kan handtere programvaren i emnet, og må kjøpe eigne programlisensar for gjennomføring av emnet.
Det vil bli gitt fire obligatoriske oppgåver gjennom emnet. Alle fire oppgåvene må vere godkjende for at emnet vert vurdert som bestått.
Sluttvurdering: Bestått/Ikkje bestått.
Opptak
Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak
Bygg- og anleggsteknikk
- Anleggsrøyrleggjarfaget
- Betongfaget
- Brannførebyggar
- Byggdriftarfaget
- Byggmontasjefaget
- Industrimålarfaget
- Isolatørfaget
- Murar- og flisleggjarfaget
- Målar- og overflateteknikkfaget
- Røyrleggjarfaget
- Snikkarfaget
- Tak- og membrantekkjarfaget
- Trelast- og limtreproduksjonsfaget
- Tømrarfaget
- Ventilasjons- og blekkslagarfaget
- Feiarfaget
Elektro og datateknologi
- Automatiseringsfaget
- Elektrikarfaget
- Energimontørfaget
- Kulde- og varmepumpeteknikkfaget
- Ventilasjonsteknikkfaget
Teknologi- og industrifag
- Industrimekanikarfaget
- Industrimontørfaget
- Industrirøyrleggjarfaget
- Industrisnikkarfaget
Realkompetanse
Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.
Samlingsplan haust 26
|
Veke 47 |
Torsdag 19. nov |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Veke 49 |
Måndag 30. nov |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 50 |
Torsdag 10. des |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Veke 42 |
Måndag 21. des |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 1 |
Torsdag 7. jan |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Vele 3 |
Måndag 18. jan |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 4 |
Torsdag 28. jan |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Veke 6 |
Måndag 8. feb |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 7 |
Torsdag 18. feb |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Veke 9 |
Måndag 1. mars |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 10 |
Torsdag 11. mars |
Fysisk samling kl 9-16 |
|
Veke 13 |
Tysdag 30. mars |
Digital rettleiing kl 1930-21 |
|
Veke 14 |
Torsdag 8. april |
Frist for sluttinnlevering mappe |
Fysiske samlingar vert gjennomført ved Fagskulen Vestland avdeling Førde, på adresse Øyrane 12.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no