Hopp til hovedinnhold

Framtidsretta bygg i praksis – EMNE

Emnet gir ei praktisk innføring i korleis berekraft, sirkulærøkonomi og energieffektive løysingar blir nytta i byggeprosjekt.

Varigheit:
5 månader
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
10
Neste oppstart:
Planlagt vår 27
Studieplan:
Studiestad:
Førde

Studentane lærer å bruke miljøkrav, kontraktar, tilstandsanalysar og ombrukskartlegging, samt berekne energibehov og vurdere energi- og klimatiltak. Emnet gir òg innsikt i korleis nye krav og den grøne omstillinga påverkar ressursbruk, arbeidsprosessar og samarbeid i byggjebransjen.

Tema som inngår i emnet:

  • Framtidsretta verksemdutvikling
  • Energi, inneklima og klimatilpassing
  • Praktisk miljøleiing og ombrukskartlegging

Oppbygging og arbeidsmåtar

Emnet er på 10 studiepoeng, og går over 5 månader. Kurset er nettbasert med digitale samlingar.

Undervegs skal du levere éi skriftleg oppgåve før avsluttande mappevurdering.

Vurdering

Vurderingsmappe som består av:

  • Ein praktisk grupperapport  
  • Ein energivurdering av ein einebustad 


Vurdering bestått/ikkje bestått 

Opptak

Emnet har løpande opptak. Det betyr at kvalifiserte søkarar blir tatt inn i den rekkefølga dei søker. Behandling av opptaket skjer etter søknadsfrist.

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no