Hopp til hovedinnhold

Design av læringsprosessar – EMNE

Korleis legge til rette for at alle kan lære i sitt eige tempo? Med dette emnet lærer du å lage digitale læringsaktivitetar som skapar struktur, framdrift, refleksjon og tilbakemelding.

Varigheit:
3 månader
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
29. oktober
Studiestad:
Førde

Emnet rettar seg mot leiarar, HR- og kompetanseansvarlege, kurshaldarar, konsulentar og verksemder med tilsette som arbeider på ulike geografiske stader eller til ulike tider, i tillegg til organisasjonar og aktørar i utdanningssektoren.

Hovudmålet med emnet er at du skal gå frå å produsere læringsinnhald til å designe læringsaktivitetar og læringsprosessar. Du flyttar merksemda frå «Kva skal eg vise eller formidle?» til «Kva skal deltakarane gjere for å lære og bruke kunnskapen i praksis?». Dette er særleg viktig når læringa skal skje asynkront. Når rettleiaren ikkje er til stades, må læringsaktivitetane skape struktur, framdrift, refleksjon og tilbakemelding.

Til samling tar du med  deg eige materiale, til dømes ein PowerPoint-presentasjon, fagtekst, video eller prosedyre, og gjer det om til aktive læringsaktivitetar. Undervegs arbeider du med digitale verktøy, grunnleggande koding, KI-støtta vibekoding, pedagogisk design i LMS, og utvikling av KI-assistentar. Kollegarettleiing går igjen gjennom heile kurset.

KI kan effektivisere arbeidet, men ansvaret for læringsmål, fagleg kvalitet og relevans ligg hos den som utviklar opplæringa.

Tema som inngår i emnet:

  • Design av aktive og asynkrone læringsprosessar
  • Teknologi for læring og kompetanseutvikling
  • Grunnleggande koding med HTML, PHP, Java og Python
  • KI-støtta vibekoding av digitale læringsressursar
  • Grafisk og pedagogisk design i læringsplattformar
  • Publisering og integrering av eigne læringsressursar
  • Utvikling av KI-assistentar
  • Kollegarettleiing og kvalitetssikring

Oppbygging og arbeidsmåtar

  • Innleiande nettsamling: Innføring i kurset, avklaring av kompetansebehov og førebuing av eige materiale.
  • Fysiske samlingar: Korte faglege innleiingar, demonstrasjonar og praktisk verkstadarbeid. Deltakarane analyserer og omformar eige materiale, til dømes ein PowerPoint-presentasjon, fagtekst, video, prosedyre, oppgåve, kursmodul eller anna rettleiingsmateriell. Kursdagane inneheld praktiske øvingar i digitale verktøy, koding, KI-støtta vibekoding og utvikling av KI-assistentar. Kvar deltakar utviklar og prøver ut éin deltakaraktiv læringsaktivitet med utgangspunkt i eit reelt kompetansebehov, med kollegarettleiing, fagleg diskusjon og kvalitetssikring av pedagogiske og teknologiske val.
  • Digital rettleiing: Rettleiing om forbetring, publisering, integrering og implementering.
  • Gjennom heile kurset: Lesing og bruk av fagstoff og læringsplattforma til kurset.

Obligatoriske læringsaktivitetar

  • Ta med eige opplærings- eller undervisningsmateriale og skildre kompetansebehovet materialet skal støtte.
  • Lage ein første versjon av éin deltakaraktiv og asynkron læringsaktivitet.
  • Prøve ut aktiviteten og dokumentere erfaringar eller tilbakemeldingar.
  • Gi fagleg tilbakemelding på løysinga til minst éin annan deltakar og vidareutvikle eigen aktivitet etter kollegarettleiinga.
  • Levere ferdig læringsaktivitet med ei kort grunngiving for læringsmål, målgruppe, aktivitet, teknologival, personvern og plan for bruk i praksis.
  • Delta på dei fysiske samlingane og dei digitale samlingane.

Vurdering

Vurderinga er todelt og består av:

  • Munnleg eksamen: Individuell presentasjon og demonstrasjon av éin ferdig, utprøvd og forbetra læringsaktivitet.
  • Mappevurdering

Mappa skal innehalde:

  • Kort refleksjonsnotat som dokumenterer læringsmål, designval, utprøving, forbetringar og ansvarleg bruk av teknologi og KI.

Opptak

Det er løpande opptak. Ved løpande opptak blir søkarar tekne opp etter kvart som søknadene kjem inn, fram til studiet er fullt. 

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Samlingsplan haust 2026

  • Innleiande nettsamling: Torsdag 29 okt. kl. 14:00 – 17:00
  • Fysiske samlingsdagar i Bergen:
    • Tysdag 24. november. kl. 08:30 – 16:00
    • Onsdag 25. november. kl. 08:00 – 15:00 

Munnleg eksamen: Onsdag 9. desember (digitalt)

Frist for mappeinnlevering: 31. januar 2027

Kostnad

Denne utdanninga er gratis.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no