Hopp til hovedinnhold

Elektrifisering av fritidsbåtar – EMNE

Vil du jobbe med elektrifisering av fritidsbåtar, arbeidsbåtar og mindre yrkesfartøy? Då er denne utdanninga ein god start. Her får du grunnleggande kompetanse i elektriske og hybride framdriftssystem.

Varigheit:
5 månader
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
25. januar
Studieplan:
Studiestad:
Førde

Emnet rettar seg mot deg som som arbeider med, eller ønsker å arbeide med, elektrifisering av fritidsbåtar, arbeidsbåtar og mindre yrkesfartøy.

Emnet er særleg relevant for deg med bakgrunn frå elektro, automasjon, mekaniske fag, maritim teknikk, motorteknikk, båtbygging, service, drift eller vedlikehald.

Emnet passar for fagarbeidarar, teknikarar, montørar, serviceteknikarar, båtmekanikarar, maritime operatørar og andre som treng grunnleggande kompetanse i elektriske og hybride framdriftssystem. Emnet er også relevant for personar som ønsker å arbeide med service og vedlikehald av slike system, og for tilsette i verkstader, marinaer, båtbransjen, leverandørbedrifter, offentlege verksemder og mindre reiarlag som skal vurdere, planlegge, gjennomføre eller følge opp elektrifisering av fartøy.

Utdanninga krev ikkje ingeniørkompetanse, men du bør ha grunnleggande teknisk forståing og interesse for maritime energisystem, elektriske komponentar, tryggleik og praktisk problemløysing.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert med digitale samlingar. I tillegg til deltaking på samlingar, er det forventa at det blir arbeidd med læringsaktivitetar og obligatoriske læringskrav.

Læringsaktivitetar

  • Lesing og bearbeiding av fagstoff i LMS og andre relevante kjelder
  • Relevant informasjonsinnhenting på internett
  • Bruk av KI-verktøy tilpassa utdanninga
  • Undervisning via videokonferanse
  • Repetisjon og fordjuping ved bruk av opptak frå undervisninga
  • Quizar som læringsaktivitet og støtte for eigenvurdering
  • Faglege diskusjonar på blogg
  • Rettleiing
  • Bruk av erfaringar frå eigen praksis i læringsnotat og oppgåver
  • Utarbeiding av individuelle læringsnotat
  • Individuell tilbakemelding og vurdering av læringsnotat
  • Vidareutvikling av eigne læringsnotat på bakgrunn av rettleiing og tilbakemeldingar

Obligatoriske arbeidskrav

  • Fire læringsnotat 
  • Fire quizar
  • Ei faglege oppgåver

Vurdering

Mappevurdering med læringsnotat og fagleg oppgåve.

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Samlingsplan vår 2027

Nettsamlingar:

  • Mandag 25. januar 2027 kl 15:00 – 17:00 
  • Mandag 8. februar 2027 kl 15:00 – 17:00 
  • Mandag 22. februar 2027 kl 15:00 – 17:00 
  • Mandag 08. mars 2027 kl 15:00 – 17:00 
  • Mandag 15. mars 2027 kl 15:00 – 17:00 

Frist for innlevering av mappe til vurdering: 5. april 2027 

Kostnad

Denne utdanninga er gratis.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no