Elektromagnetisk kompatibilitet EMC
Utdanninga er utvikla i samarbeid med næringslivet for å styrke fagarbeidarane sine kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse innan elektromagnetisk kompatibilitet (EMC). Leverandørindustrien har stor bruk for EMC-kompetanse til arbeid på maritime og offshore høgspenningsanlegg.
- Varigheit:
- 6 månadar
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 10
- Neste oppstart:
- Ikkje planlagt
- Studiestad:
- Bergen / Stord
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Utdanning skal gje deg kunnskap og forståing om elektromagnetisk kompatibilitet (EMC) ved design, bygging, drift og vedlikehald av maritime elektriske installasjonar, samt på HVDC- og HVAC-plattformer. Du får også kjennskap til korleis støykjelder kan påverke installasjonar og utstyr, samt kva teknikkar, metodar, forskrifter og krav som kan brukast for å oppnå EMC.
Innhald i utdanninga er:
- Grunnleggande om EMC-støy, støykjelder, skjerming, soneinndeling og filter
- EMC test- og målemetodar
- Kablar og kabelføringar
- Utforming av jording og jordingssystem
- Veksel- og likestraumsdistrubusjonsnett
- Kraftelektronikk og otordrifter
- Retningslinjer for å oppnå EMC på elektriske installasjonar
- Atmosfæriske utladningar
- EMC i forskrifter og direktiv
- EMC i soner og krav til utstyr
- Leveringskvalitet og elektroteknikk
- Helse-, miljæ-, og tryggleiksasppekt knytt til magnetfelt
- Praktiske laboratorieøvingar
Oppbygging og arbeidsmåtar
Studiet er eit nett- og samlingsbasert deltidsstudium med fysiske samlingar. Mellom samlingane er det eigenstudiar. Emnet gir 10 studiepoeng.
Det skal leverast åtte læringsnotat og to caseoppgåver. Arbeidskrav må vere godkjende for å få vurdering.
Sluttvurdering skjer ved mappevurdering av læringsnotat og case.
Det er oppmøtekrav på samlingane, og tillatt grense for fråvær er på 20 prosent. Dersom du har meir enn 20 prosent fråvær får du ikkje gå opp til eksamen.
Emnet høyrer til studieplanen til fagskuleutdanninga Energioverføring og høgspenningsteknologi som inneheld følgande emne:
Opptak
Du kan søke studieplass på grunnlag av
- fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev i
- automatikar
- droneoperatørfaget
- elektrikerfaget
- elektroreparatørfaget
- energimontørfaget
- energioperatørfaget
- fjernstyrte undervannsoperasjoner
- heismontørfaget
- kulde- og varmepumpeteknikkfaget
- låsesmedfaget
- optronikerfaget
- produksjonselektronikerfaget
- signalmontørfaget
- tavlemontørfaget
- telekommunikasjonsmontørfaget
- togelektrikerfaget
- ventilasjonsteknikkfaget
- viklerfaget
- realkompetanse
Realkompetanse
Søkarar som ikkje har fagbrev, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Realkompetanse er all den kompetansen ein person har skaffa seg gjennom utdanning, praktisk yrkeserfaring og deltaking i organisasjonar, eller liknande. Les meir om opptak, realkompetanse eller utanlandsk utdanning her
Kostnader
Denne utdanninga er gratis.
Samlingsplan vår 2025
Samling | Dato |
1 | 3. og 4. mars |
2 | 24. og 25. mars |
3 | 7. og 8. april |
4 | 12. og 13. mai |
Det er oppmøtekrav på samlingane. Tillatt grense for fråvær er på 20%. Dersom du har meir enn 20% fråvær, får du ikkje vurdering i emnet.
Siste frist for innlevering av arbeidskrav er 31. mai 2025.