Hopp til hovedinnhold

Innføring i programmering med lokal KI - MODUL

Lær korleis du kan ta kunstig intelligens frå idé til praktisk nytte i eigen arbeidskvardag. I dette emnet får du erfaring med europeiske KI-verktøy, grunnleggande programmering i Python og utvikling av lokale KI-løysingar som kan køyrast på eiga maskin, med fokus på datasikkerheit, kontroll og digital suverenitet.

Varigheit:
10 veker
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
9. november 2026
Studieplan:
Studiestad:
Førde

I dette emnet lærer du å bruke kunstig intelligens kritisk og målretta for å løyse reelle utfordringar i arbeidslivet. Du blir kjend med europeiske KI-verktøy og korleis desse kan nyttast innanfor rammer som ivaretek datasikkerheit, kontroll over eigne data og digital suverenitet.

Gjennom praktiske oppgåver får du ei innføring i korleis KI, kode og data verkar saman. Du lærer grunnleggande Python-programmering og får prøve ut moderne arbeidsmetodar som vibe-koding for å utvikle og tilpasse digitale løysingar. Emnet legg vekt på praktisk problemløysing og korleis du kan skape konkrete resultat med støtte frå KI.
 
Eit særleg fokus er utvikling av lokale KI-løysingar som kan køyrast på eiga maskin eller i eigne system. Dette gir auka kontroll over data og gjer verksemder mindre avhengige av eksterne tenester og internettilgang. Slik kan KI også bidra til betre beredskap, driftssikkerheit og operativ evne når tilgangen til nettverk eller skytenester er avgrensa. 
 
Etter fullført emne vil du kunne vurdere, tilpasse og ta i bruk KI-løysingar i eigen organisasjon, samtidig som du kan formidle både moglegheiter, avgrensingar og ansvarleg bruk av kunstig intelligens til ulike målgrupper.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Samlingane vil vere ein kombinasjon av videoundervisning og rettleiing, med faglege diskusjonar, refleksjon og arbeid knytt til studentane sin eigen praksis. Det vil også vere rom for læring i grupper og respons på medstudentar sitt arbeid.

Emnet er nettbasert, og ein stor del av arbeidet skjer asynkront. Dette omfattar mellom anna lesing og arbeid med fagstoff i læringsplattform, quiz med tilbakemelding, bruk av podkast, video og opptak, informasjonsinnhenting, refleksjon og arbeid med individuelle læringsnotat.

Oppmøte på digitale samlingar er ikkje obligatorisk, men dei digitale samlingane er ein viktig del av læringsaktivitetane i emnet, og studentane blir sterkt oppfordra til å delta. 

Arbeidsmengda er fordelt slik:

10 timar timeplanfesta aktivitet
40 timar asynkron undervisning
20 timar rettleiing

55 timar eigenstyrt aktivitet

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på

Fullført og bestått vidaregåande opplæring medrelevant fagbrev  i:

  • automatiseringsfaget 
  • avionikarfaget 
  • dataelektronikarfaget 
  • elektrikarfaget 
  • elektroreparatørfaget 
  • energimontørfaget 
  • energioperatørfaget 
  • fjernstyrte undervasssoperasjonar 
  • flymotormekanikarfaget 
  • flystrukturmekanikarfaget 
  • flysystemmekanikarfaget 
  • heismontørfaget 
  • kulde- og varmepumpemontørfaget 
  • maritim elektrikarfaget Vg4 
  • produksjonselektronikarfaget 
  • signalmontørfaget 
  • tavlemontørfaget 
  • telekommunikasjonsmontørfaget 
  • togelektrikarfaget 
  • viklar- og transformatormontørfaget 
  • viklarfaget 

 

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

   

Kostnad

Modulen er gratis. 

Samlingsplan haust 26

Dei digitale samlingane er planlagde slik:

  • Måndag 9. november kl. 16.00–18.00
  • Tysdag 17. november kl. 16.00–18.00
  • Måndag 30. november kl. 16.00–18.00
  • Måndag 7. desember kl. 16.00–18.00
  • Måndag 4. januar kl. 16.00–18.00

Frist for mappeinnlevering mandag 18. januar kl 23:45