Hopp til hovedinnhold

Skreddarsydde KI-system – MODUL

Lær å utvikle og bruke KI-løysingar som gir verdi frå dag éin – tilpassa norske forhold og dine behov. Dette nettbaserte studiet gir 5 studiepoeng og er lagt opp for deg med ein travel kvardag. Utdanninga er gratis.

Varigheit:
Eitt semester
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
9. september 2026
Studiestad:
Førde

Løpande opptak. Du finn samlingsplanar lenger nede på sida.

Kunstig intelligens i praksis - frå visjon til nytteverdi

Vil du bruke kunstig intelligens (KI) til å skape konkret verdi i arbeidskvardagen? Denne nettbaserte utdanninga gir deg både forståing og praktiske ferdigheiter i korleis KI kan støtte læring, endring, problemløysing og kreativ utvikling i dagens arbeidsprosessar.  

Du lærer ikkje berre om KI – du lærer å utvikle, tilpasse og ta i bruk løysingar som fungerer i di verksemd. Du får konkrete verktøy til å møte både dagens og framtidas krav - enten det handlar om å bygge interne erfaringsdatabasar, effektivisere anbodsprosessar, automatisere manuelle oppgåver eller drive fram innovasjon. 

Meir om studiet

Samspel mellom KI og menneskeleg intelligens  

Eit sentralt fokus i utdanninga er korleis KI og menneskeleg intelligens kan utfylle kvarandre. Du lærer korleis KI kan forsterke menneskelege evner – ikkje erstatte dei. Målet er å utvikle løysingar som gjer fagleg innsikt, erfaring og vurderingsevne endå meir verdifulle.  

EU eller USA?  

Ein viktig del av utdanninga er å bruke KI på ein trygg, ansvarleg og lovleg måte. Du lærer korleis plattformer som OpenAI og Mistral.ai fungerer: 

  • OpenAI er ein USA-basert leverandør  
  • Mistral.ai er ein aktør basert i EU  

Du får innsikt i korleis desse plattformene handterer data, og korleis du byggjer ein bot som behandlar informasjon sikkert, ivaretek personvern og sikrar at verksemda følgjer gjeldande lover, standardar og interne retningslinjer.  

Val av språkmodellar og bruk av lokal KI  

Du får også innsikt i korleis du vel rett språkmodell til rett oppgåve – ein nøkkelkompetanse i dagens KI-arbeid. Vi jobbar med både store, skybaserte språkmodellar  og lokal kunstig intelligens.  

Du lærer korleis lokal KI gir betre kontroll, lågare kostnader, høgare datasikkerheit og moglegheit for å køyre KI på eiga maskinvare eller interne serverar. Samtidig får du forståing for når det er mest hensiktsmessig å nytte store, skybaserte modellar – og korleis desse kan kombinerast for å skape robuste og skalerbare løysingar.  

Nettbasert og praksisnær  

Utdanninga gir 5 studiepoeng, er reint nettbasert og utvikla for å passe inn i ein travel arbeidskvardag. Du jobbar med reelle problemstillingar frå eigen arbeidsplass og utviklar eigne KI-løysingar undervegs – slik at du sit igjen med kompetanse som gir direkte nytteverdi for di bedrift.  

Eit studium på 5 studiepoeng blir rekna som 125 timars arbeid. Dette inkluderer forelesingar, seminar, sjølvstudium og eksamensførebuingar. 

 

Målgruppe

Målgruppa for denne utdanninga inkluderer rådgivarar, prosjekt- og byggjeleiarar, tekniske entreprenørar, leverandørar, samt drifts- og vedlikehaldsleiarar. Ho rettar seg også mot montørar, VVS-teknikarar, elektroingeniørar og saksbehandlarar som arbeider med tekniske fag i byggje- og anleggssektoren. I tillegg er utdanninga relevant for fagfolk innan fornybar energi, som sol- og vindkraft, som ønskjer å setje i verk kunstig intelligens (KI) i sine arbeidsprosessar for å fremje berekraftige løysingar. 

Vurderingsform

  •  Presentasjonsmappe med to læringsnotat, fire quizar og ei fagleg oppgåve. 
  • Vurdering med bestått/ikkje bestått av faglærar.

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på

Fullført og bestått vidaregåande opplæring medrelevant fagbrev  i:

  • automatiseringsfaget 
  • avionikarfaget 
  • dataelektronikarfaget 
  • elektrikarfaget 
  • elektroreparatørfaget 
  • energimontørfaget 
  • energioperatørfaget 
  • fjernstyrte undervasssoperasjonar 
  • flymotormekanikarfaget 
  • flystrukturmekanikarfaget 
  • flysystemmekanikarfaget 
  • heismontørfaget 
  • kulde- og varmepumpemontørfaget 
  • maritim elektrikarfaget Vg4 
  • produksjonselektronikarfaget 
  • signalmontørfaget 
  • tavlemontørfaget 
  • telekommunikasjonsmontørfaget 
  • togelektrikarfaget 
  • viklar- og transformatormontørfaget 
  • viklarfaget 

 

Realkompetanse

Manglar du fagbrev, men har fyllt 23 år og har relevant erfaring, då kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

   

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Du må likevel pårekne ca. 1000 kroner for blant anna å opprette eige domene og webhotell.

Samlingsplan haust 26

Digitale samlingar blir på følgande tidspunkt: 

onsdag 8. september 2026 kl. 17:00–19:00.

onsdag 23. september 2026 kl. 17:00–19:00.

onsdag 14. oktober 2026 kl. 17:00–19:00.

onsdag 28. oktober 2026 kl. 17:00–19:00.

onsdag 11. november 2026 kl. 17:00–19:00.

Frist for innlevering av mapper er onsdag  16. desember 2026 kl. 23:59.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no