Beredskapshage
Vil du lære å dyrke din eigen mat? Utdanningsmodulen Beredskapshage gir deg kompetansen du treng for å dyrke mat med utgangspunkt i lokale og tilgjengelege ressursar.
- Varigheit:
- 1 år
- Utdanningsform:
- Deltid, nett- og samlingsbasert
- Studiepoeng:
- 30
- Studiestad:
- Hjeltnes
Denne utdanninga lærer deg om kva du kan dyrke, korleis du byggjer god jordhelse, aktuelle dyrkingsteknikkar, formeiring og frøsanking. Du får også innblikk i korleis du kan ta vare på og foredle det du produserer. Du kan bli meir sjølvforsynt med eigne råvarer og du kan som småskalaprodusent selje varer i lokalsamfunnet.
Auka merksemd kring matsikkerheit, beredskap og lokal ressursutnytting gjer utdanningsmodulen beredskapshage svært aktuell, og kunnskapen vert eit viktig bidrag i den lokale matberedskapen. Utdanninga passar for deg som ønskjer meir kunnskap om dyrking, utan nødvendigvis å drive tradisjonelt landbruk. Så om du eig eller disponerer ein mindre eigedom, småbruk eller hage, og har tilgang til ressursar som kan nyttast til matproduksjon, kan dette verre aktuelt for deg.
Beredskapshage ved Fagskulen Vestland, avdeling Hjeltnes, gir deg fagleg kompetanse gjennom heile verdikjeda – frå jord og plantedyrking til hausting, lagring og vidare foredling av råvarer.
Du får kompetanse som bidreg til auka sjølvberging, auka verdiskaping og bidreg til matberedskap i lokalsamfunnet.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Beredskapshage er ein modul av utdanninga Matkultur. Emnet vert gjennomført med fysiske samlingar og digitale førelesningar og rettleiing over 2 semester. Det blir lagt opp til 6 obligatoriske innleveringar / prøver, som må vere godkjent for å kunne gjennomføre eksamen.
Avsluttande vurdering er ein skriftleg skuleeksamen på Hjeltnes i januar 2028
Opptak
Meir info kjem.
Samlingsplan
Vår 2027:
veke 6 – digital oppstart
Veke 17 – fysisk samling på Hjeltnes
Veke 24 – fysisk samling på Hjeltnes
Haust 2027:
Veke 36 – fysisk samling på Hjeltnes
Veke 42 – fysisk samling på Hjeltnes
Veke 49 – fysisk samling på Hjeltnes
Det vert digital førelesningar kvar veke mellom samlingane.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no