Samarbeid og leiing i tverrfaglege team – MODUL
Korleis få ulike yrkesgrupper, fagområde og aktørar i helsetenesta til å samarbeide? Her lærer du å leie og koordinere tverrfaglege team på ein trygg og inkluderande måte.
- Varigheit:
- 7 veker
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 5
- Neste oppstart:
- Haust 2026
- Studiestad:
- Bergen
Gjennom refleksjon og praktiske øvingar utviklar du evne til å fremje psykologisk tryggleik, openheit og læringskultur i teamet – noko som er avgjerande for både arbeidsmiljø og pasienttryggleik.
Utdanninga legg også vekt på kommunikasjon, konflikthandteirng og samarbeid med pårørande og andre tenester.
Emnet kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, eller som del av bransjeprogrammet Teamleiing i helsetenesta.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Modulen er på 5 studiepoeng og er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium over 7 veker. Det skal vere mogleg å kombinere utdanninga med å vere i full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.
Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå yrkesutøving di, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar.
Du skal levere éi caseoppgåve og eitt refleksjonsnotat. Desse får vurderinga «Godkjent» eller «Ikkje godkjent».
Sluttvurdering skjer på grunnlag av dei to innleveringane, med vurdering «Bestått» eller «Ikkje bestått».
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Sjå liste over fagbrev her.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kostnader
Utdanninga er gratis.
Modulbasert utdanning
Modulen er ein del av utdanninga Teamleiing i helsetenesta, som vert tilbydd modulbasert med tre frittståande modular.
Du søker opptak til kvar enkelt modul og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Dersom du fullfører alle modulane, får du vitnemål for utdanninga Teamleiing i helsetenesta på 15 studiepoeng.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no