Hopp til hovedinnhold

Kvalitetsarbeid og fagleg utvikling i helsetenesta – EMNE

Systematisk kvalitetsarbeid og fagleg utvikling bidreg til betre pasienttryggleik, effektiv ressursbruk og tryggare tenester. Her får du verktøy til å leie kvalitets- og utviklingsarbeid.

Varigheit:
7 veker
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Neste oppstart:
19. november 2026
Studiestad:
Bergen

I denne utdanninga arbeider vi med korleis leiing, kultur og kommunikasjon påverkar kvalitetsarbeid, prioriteringar og bruk av tilgjengelege ressursar. Du får erfaring med bruk av verktøy og data for risikovurdering, dokumentasjon og forbetring.

Gjennom arbeid med døme frå eigen praksis, lærer du å planlegge, implementere og evaluere forbetringstiltak som fremjar pasienttryggleik og berekraftig ressursbruk. Du vil også kunne formidle fagleg innsikt på ein måte som støttar læring, innovasjon og utvikling av tryggleikskultur i eiga eining.

Emnet kan takast som ei sjølvstendig vidareutdanning, eller som del av bransjeprogrammet Teamleiing i helsetenesta.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Modulen er på 5 studiepoeng og er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium over 7 veker. Det skal vere mogleg å kombinere utdanninga med å vere i full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.

Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå yrkesutøving di, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar.

Du skal levere éi caseoppgåve og eitt refleksjonsnotat. Desse får vurderinga «Godkjent» eller «Ikkje godkjent».

Sluttvurdering skjer på grunnlag av dei to innleveringane, med vurdering «Bestått» eller «Ikkje bestått».

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Sjå liste  over fagbrev her.

Vitnemål som hjelpepleier og omsorgsarbeider tilsvarer det som i dag heter helsefagarbeider. 


Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Utdanninga er gratis.

Samlingsplan vinter 26/27

Veke

Dato

Undervisingsform

47

19.11.26

Asynkrone læringsaktivitetar

48

26.11.26 kl 9-13

Digital samling

49

03.12.26

Asynkrone læringsaktivitetar

50

10.12.26

Asynkrone læringsaktivitetar

51

17.12.26

Asynkrone læringsaktivitetar

52+53

juleferie

Juleferie

1

07.01.27 kl 9-13

Digital samling

2

14.01.27

Asynkrone læringsaktivitetar

3

21.01.2027

Asynkrone læringsaktivitetar og emneevaluering

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no