Hopp til hovedinnhold

Teamleiarrolla i praksis – MODUL

Korleis vere ein god teamleiar i helse- og omsorgstenesta? Her får du innsikt i rolla sin plass mellom leiing og fag, og korleis etiske prinsipp, pasienttryggleik og HMS påverkar kvardagen i tenesta.

Varigheit:
7 veker
Utdanningsform:
Deltid, nettbasert
Studiepoeng:
5
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
13. april 2026
Studiestad:
Bergen

Gjennom arbeid med eigne erfaringar og praktiske døme utviklar du kompetanse i kommunikasjon, rolleforståing og relasjonsbygging. Det vert lagt særleg vekt på korleis psykologisk tryggleig og eit godt psykososialt arbeidsmiljø legg grunnlaget for fagleg utvikling og kvalitet i teamet.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Modulen er på 5 studiepoeng og er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium over 7 veker. Det skal vere mogleg å kombinere utdanninga med å vere i full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.

Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå yrkesutøving di, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar.

Du skal levere éi caseoppgåve og eitt refleksjonsnotat. Desse får vurderinga «Godkjent» eller «Ikkje godkjent».

Sluttvurdering skjer på grunnlag av dei to innleveringane, med vurdering «Bestått» eller «Ikkje bestått».

Opptak

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.

Fagbrev og svennebrev som kvalifiserer til opptak

  • Helse- og oppvekstfag
  • Aktivitørfaget
  • Ambulansefaget
  • Apotekteknikk
  • Fotterapi
  • Helsearbeidarfaget
  • Helsesekretær
  • Hudterapi
  • Ortopediteknikkfaget
  • Portørfaget
  • Tannhelsesekretær


Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering

Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Utdanninga er gratis.

Samlingsplan vår 2026

Veke

Dato

Undervisningsform

Aktivitet

16

 

Asynkron

Oppstart av modul. Introduksjonsvideo, fagvideo og arbeid med læringsstiar. Oppstart arbeid med eigen case.

17

Torsdag 23.4

Digital samling

Første digitale samling. Fagleg undervisning, diskusjon og arbeid med case.

18

 

Asynkron

Sjølvstudium

19

 

Asynkron

Sjølvstudium

20

 

Asynkron

Sjølvstudium

21

Torsdag 21.5

Digital samling

Andre digitale samling. Oppsummering, rettleiing og arbeid med læring frå eigen praksis.

22

 

Asynkron

Avslutning av modul og innlevering av mappe til vurdering

 

 

Modulbasert utdanning

Modulen er ein del av utdanninga Teamleiing i helsetenesta, som vert tilbydd modulbasert med tre frittståande modular.

Du søker opptak til kvar enkelt modul og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.

Dersom du fullfører alle modulane, får du vitnemål for utdanninga Teamleiing i helsetenesta på 15 studiepoeng.

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no