Teamleiing i helsetenesta
Med denne utdanninga står du betre rusta til å ansvar for leiing, prioritering av ressursar, oppfølging og kvalitetssikring i helse- og omsorgstenestene. Du skal sitte att med auka meistring og handlingskompetanse, og kunne bidra til strategisk planlegging og utviklingsarbeid.
- Utdanningsform:
- Deltid, nettbasert
- Studiepoeng:
- 15
- Studiestad:
- Bergen
Teamleiing i helsetenesta vert tilbydd modulbasert med tre frittståande modular.
Du søker opptak til kvar enkelt modul og får karakterutskrift etter at å ha fullført og bestått.
Dersom du fullfører alle modulane, får du vitnemål for utdanninga Teamleiing i helsetenesta på 15 studiepoeng.
Kompetanse og jobbmoglegheiter
Etter fullført utdanning kan du ta ansvar for leiing, prioritering av ressursar, oppfølging og kvalitetssikring i helse- og omsorgstenestene. Du kan bidra til strategisk planlegging, utviklingsarbeid og vere ein ressurs i forbetringsprosessar som fremjar både pasienttryggleik og gode arbeidsvilkår. Målet er å gi deg auka meistring og handlingskompetanse som teamleiar, slik at du kan bidra til høg kvalitet i tenestene.
Utdanninga er forankra i nasjonale føringar, mellom anna gjennom rapporten Tid for handling, som peikar på utfordringar knytt til ressursknappheit, aukande kompleksitet og behov for tydlegare prioriteringar og oppgåvedeling. Teamleiarrolla sitt ansvar for effektiv ressursbruk, passande oppgåvedeling og koordinering av arbeid i tverrfaglege team er derfor vektlagt i utdanninga.
Oppbygging og arbeidsmåtar
Utdanninga består av tre emne på 5 studiepoeng, totalt 15 studiepoeng.
Utdanninga er fleksibelt tilrettelagt som deltidsstudium, og kan kombinerast med full jobb. Utdanninga inneheld ikkje praksis.
Kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse blir utvikla gjennom refleksjonsbaserte læringsaktivitetar, mellom anna arbeid med eigne case frå yrkesutøving di, arbeid med refleksjonsnotat, rettleiing og faglege refleksjonar.
Fleksibel emnestruktur: Emna kan takast enkeltvis, og du får karakterutskrift etter kvart fullførte emne. Emna kan også kombinerast og byggast saman til eit samla studieløp på 15 studiepoeng: Teamleiing i helsetenesta. Studieløpet utgjer ikkje ei full fagskuleutdanning, men gir formell kompetanse på fagskulenivå.
Opptak
Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på fullført og bestått vidaregåande opplæring med relevant fagbrev.
Sjå liste over fagbrev her.
Opptak på grunnlag av realkompetansevurdering
Søkjarar som ikkje fyller dei generelle opptakskrava, og som har fylt 23 år, kan søke om opptak på grunnlag av realkompetanse.
Kostnad
Utdanninga er gratis.
Bli student
Spørsmål?
Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.
Tlf.: 55 33 78 00
E-post: fagskulenvestland@vlfk.no