Hopp til hovedinnhold

Min arbeidsplass: Prosjektleiing, HMT og samhandling – MODUL

Gjennom denne utdanninga vil du bli betre kjend med ulike fagfelt på din eigen arbeidsplass, slik at du kan kunne vere med å påvirke, utvikle og skape noko nytt i på arbeidsplassen din.

Varigheit:
4 månadar
Utdanningsform:
Deltid, nett- og samlingsbasert
Studiepoeng:
10
Søknadsfrist:
Neste oppstart:
23. september 2026
Studiestad:
Førde

Gjennom Min arbeidsplass: Prosjektleiing, HMT og samhandling lærer du endrings- og sjølvleiing, prosjektleiing og prosjektplanlegging, HMT, marknadsføring og kundebehandling.

Med denne kunnskapen kan du vere med å skape handlekraft og berekraft ved din arbeidsplass.

Som student skal du:

  • utvikle og bevisstgjere deg som fagarbeidar og energiforvaltar
  • skape grunnlag for felles omgrepsforståing og kommunikasjon omkring energi og miljø
  • skape haldningar kring miljø og skape ein miljøprofil
  • utvikle eiga bedrift til ein lærande organisasjon
  • bli betre på personleg sjølvutvikling og evne til å ta eigne initiativ

Dette studiet blir ofte køyrt i samarbeid med éi eller fleire bedrifter. Sentralt i studiet er tema som er viktige for at alle i bedrifta skal arbeide framtidsretta og vere ein del av utviklinga mot det grøne skiftet.

Oppbygging og arbeidsmåtar

Studentarbeidet vil i hovudsak bli bygd opp omkring to hovudaktivitetar: Læringsnotat frå undervisningsøktene og eit case som dekker heile studiet.

Undervisninga er delt i fire delemne. Kvart delemne har 8 timar undervisning, 10 timar rettleiing og 46 timar sjølvstudium.

Deler av undervisninga føregår fysisk, resten er nettbasert.

Vurdering

Studiet har mappevurdering. I mappa skal du levere læringsnotat og case.

Sluttvurderinga er bestått/ikkje bestått

 

Opptak

Emnet har løpande opptak. Det betyr at kvalifiserte søkarar blir tatt inn i den rekkefølga dei søker. Behandling av opptaket skjer etter søknadsfrist.

Du kan søke studieplass dersom du har dokumentasjon på relevant fagbrev eller realkompetanse.

Liste over relevante fagbrev

Realkompetanse

Dersom du er 23 år og har relevant erfaring, kan du søke om opptak med realkompetanse.

Det er viktig at du sender med dokumentasjon på relevant praksis og erfaring.

Les meir om realkompetanse

Kostnader

Denne utdanninga er gratis.

Samlingsplan haust 2026

Økt
Dato
Kl.
Emne
1
23.09.26
11:30 – 15:00
Introduksjons og informasjon til studiet
2
29.09.26
11:30 – 15:00
Studieteknikk, teams, gruppearbeid
 
Veke 41
 
Haustferie
3
13.10.26
11:30 – 15:00
Endrings- og sjølvleiing
4
20.10.26
11:30 – 15:00
Prosjektleiing og prosjektplanlegging
5
27.10.26
11:30 – 15:00
Helse, miljø og tryggleik
6
03.11.26
11:30 – 15:00
Kommunikasjon og samspel
7
10.11.26
11:30 – 15:00
Endrings- og sjølvleiing
8
17.11.26
11:30 – 15:00
Prosjektleiing og prosjektplanlegging
9
24.11.26
11:30 – 15:00
Helse, miljø og tryggleik
10
01.12.26
11:30 – 15:00
Kommunikasjon og samspel
11
08.12.26
11:30 – 15:00
Framføring av case

Spørsmål?

Servicetorget har telefontid mellom kl. 10:00 og 14:00 på kvardagar.

Tlf.: 55 33 78 00

E-post: fagskulenvestland@vlfk.no